Slik søkjer du om oppretting av ny tomt eller arealoverføring

Ynskjer du å dela frå ei tomt eller eit tilleggsareal, eller oppretta ein festegrunn for meir enn 10 år, må du søkja kommunen om løyve til oppretting av ny grunneigedom eller arealoverføring og oppmålingsforretning 

Søknad om oppretting av ny tomt eller tilleggsareal (arealoverføring) skal innehalda følgjande skjema/vedlegg:

  • Utfylt skjema for byggjesøknad "Tiltak utan ansvarsrett" . Søknaden skal underskrivast av t.d. heimelshavar/grunneigar, evt. bustyrar, personar i uskifta bu m.m.  I tillegg må skjema "Rekvisisjon av oppmålingsforretning- søknadspliktig tiltak" fyllast ut.Løyve til oppretting av ny grunneigedom er gyldig i 3 år.Skjema finn du her.
  • Dersom tomtedelinga ikkje er i samsvar med kommuneplanen sin areal-disponering, anna arealplan eller føresegner og lovar, skal det saman med søknaden leverast skriftleg grunngjeving for søknad om dispensasjon. Nabovarselet skal også innehalda opplysningar om at ein søkjer om dispensasjon.Skjema for dispensasjonssøknaden finn du her. (PDF, 2 MB)
  • Ved søknaden må det liggja føre kvittert nabovarsel og opplysningar gjeve i nabovarsel. Tilgrensande naboar til tomta må varslast/gjerast kjent med planane dykkar. D.v.s dei skal skriva under på nabovarselet for å synleggjera at dei er gjort kjent med innhaldet i søknaden. Nabolista skal tingast hjå kommunen Dersom personleg underskrift ikkje kan skaffast, må varselet sendast rekommandert i posten. Då skal det brukast eige skjema for dette. Skulle ein nabo ha merknad til søknaden, skal skriftleg merknad sendast til søkjaren innan 2 veker. Før søknaden vert sendt kommunen skal søkjar først prøva å løyse op i evt merknader. Partane sin konklusjon på merknaden skal sendast inn saman med søknaden til kommunen. Denne vert deretter vurdert av kommunen som del av sakshandsaminga. Aktuelle skjema for nabovarslinga finn du her.
  • Med søknaden skal det fylgja situasjonsplan som viser nøyaktig tomteplassering og tomtegrenser. I tillegg skal det teiknast inn vegtilkomst til tomta og korleis det er planlagt framføring av vass- og avlaupsleidningar Kart skal vera i målestokk 1:500 eller 1:1000. Kart får du tilsendt frå teknisk kundetorg tlf.53 42 30 30.Kartet må ikkje vera eldre enn 6 mnd.
  • Ny byggjetomt kan berre opprettast dersom byggjetomta enten er sikra lovleg tilkomst til veg som er open for alminneleg ferdsel eller ved tinglyst dokument eller på anna måte som kommunen godtek som tilfredstillande. Det same gjeld sikring av tilgong til tilstrekkjeleg drikkevatn, slokkevatn og bortleiing av avlaupsvatn. Avtale om framføring av teknisk anlegg på annan mann grunn må difor liggja føre ved søknad om oppretting av ny byggjetomt Skjema som kan nyttast til tinglysing av slike avtalar finn du her.
  • Dersom byggjeparsellen skal ha ny avkjørsle eller dersom det vert utvida bruk av eksisterande avkjørsle frå fylkesveg/riksveg så må det søkjast Statens vegvesen om avkøyrsleløyve. Løyve frå vegvesenet legg du ved frådelingssøknaden din. Vegvesenet sine søknadsskjema finn du her.

Handsaming av søknaden

Søknaden vert vurdert i forhold til:

  • Tomt skal vera skikka til å byggjast på i forhold til både storleik og form
  • Oppretting av ny grunneigedom vert vurdert i forhold til gjeldande arealplanar (kommuneplanens arealdel m/ føresegner,  reguleringsplan m/føresegner, utbyggingsplan)
  • Parsellar skal vera sikra lovleg tilkomst til veg som er open for alminnelig ferdsel
  • Avkjørsel frå offentleg veg må vera godkjent
  • Bustadtomt skal ha tilstrekkeleg tilgang til hygienisk trygt drikkevatn
  • Avløpsvatn frå bustadtomter skal vera sikra i samsvar med forureiningslova
  • Delinga vert vurdert i forhold til jordlova (J §12)
  • Delinga vert vurdert i forhold til naturgitte tilhøve som stabilitet i byggegrunn, risiko for flaum, fare for skred m.m.

 

Skal søknaden behandlast etter veglov, jordlov, kulturminnelov eller andre særlover , sender kommunen søknaden til rett instans for behandling. Søkjar får tilsendt evt. vedtak fatta etter særlovene, med høve til å påklage vedtaket innan gitt frist.

 

Vedtak:
Når alle naudsynte opplysningar ligg føre vert det fatta vedtak i saka. Vedtaket vert sendt til berørte sakspartar, samt ein orientering om kva klagerett de har etter Forvaltningslova. Klagefrist: 3 veker frå de mottok melding om vedtak.

Ver merksam på at eit løyve kan innehalda vilkår som må oppfyllast for at oppretting av ny grunneigedom skal kunna utførast.

 

Løyve:
Partane får tilsendt vedtak om at løyve til opprettinga av den nye grunneigedomen er gjeve og saka vert oversendt til oppmåling. Etter at løyve er gjeve vert oppmålingsforretninga, innan 16 veker, gjennomført etter reglane i matrikkellova.

 

Avslag:
Ved avslag på søknaden kan partane klaga på vedtaket. Klage må vera innsendt innan 3 veker, Klagen vert då behandla administrativt og lagt fram for Utval for areal og samferdsle. Dersom Utvalet ikkje gjev klagar medhald, så vert klagesaka sendt til Fylkesmannen i Hordaland for endeleg behandling. Utvalet kan også velja å gje klagar medhald. Då vil evt. andre partar som kan verta berørte av endringsvedtaket ha høve til påklaging. Sjå elles reglane om klage i Forvaltningslova.

 

Fant du det du leitte etter?
Skattar-avgifter-gebyr
 
Login for redigering