Trong for støttekontakt?

Støttekontakt for barn og unge: Barne- og familietenesta - tlf. 53 42 33 30.

 

Støttekontakt for vaksne: Tenestekontoret - tlf 53 42 33 30. 

Målgruppe

Barn, unge og vaksne med psykiske eller sosiale problem, utviklingshemming, funksjonshemming eller rusproblem, innvandrarar som er ukjende med det norske samfunn. 
 

Formål med tenesta

Hjelpa den einskilde til ei meiningsfull fritid, t.d. gjennom sosialt samver og å følgja den einskilde til ulike fritidsaktivitetar.
 

Tenesta gjeld

Støttekontakt kan vera eit tiltak som kan gje hjelp til å få ei meiningsfull fritid, ved at ein får høve til sosialt samver og eventuell hjelp til å ta del i ulike fritidsaktivitetar.
 

Kva er kravet for å motta tenesta

Søknaden blir vurdert etter Helse og omsorgstenesteloven og Pasient og brukerrettighetsloven. Støttekontakt er ei av fleire tenester ein kan ha krav på dersom ein ikkje kan ha omsorg for seg sjølv eller er heilt avhengig av praktisk eller personleg hjelp for å greia dagliglivet sine gjeremål. 

Ver merksam på at barn kan få støttekontakt gjennom barneverntenesta, dersom det er nødvendig ut frå barnet sin omsorgssituasjon. 
 

Korleis søkja tenesta


Barn/unge (under 18 år):
Søknad skal skrivast på søknadsskjema Helse og omsorgstenester og sendast til Barne og familietenesta, Bømlohallen, 5430 Bremnes. Du kan òg levera søknaden i skranken på Rådhuset.


Har du spørsmål? Ta kontakt på tlf 53 42 33 30.


Vaksne/eldre (over 18 år):
Søknad skal skrivast på søknadsskjema Helse og omsorgstenester (PDF, 375 kB) og sendast til Tenestekontoret, Rådhuset, Leirdalen 1, 5430 Bremnes. Du kan òg levera søknaden i skranken på Rådhuset.


Har du spørsmål? Ta kontakt med Tenestekontoret på tlf 53 42 34 70.
 

Meir om saksbehandling og rett til å klaga på vedtak finn du her.

 

Vil du bli støttekontakt?
 

Sist endra 16.03.2016
Fant du det du leitte etter?
Skattar-avgifter-gebyr
Eining (1)
 
Login for redigering