Tryggleiksalarm

Målgruppe 
Personar som grunna sjukdom, funksjonshemming eller av andre årsaker har trong for rask hjelp.Personar som kjenner seg utrygge i eigen heim. 
 
Formål med tenesta 
Leige av alarm skal vera eitt av fleire tiltak som kan få søkjar til å bu lenger heime.    
 
Tenesta gjeld 
Tryggleiksalarmen er ei teneste som ikkje er lovpålagt. Dermed kan ikkje søkjar visa til ein rett til tryggleiksalarm sjølvom ein fell inn under kriteriar for utleige. Tildeling skjer etter ei individuell og fagleg vurdering.
  
Alarmen er kopla opp heimesjukepleietenesta i verksemdsområda.
Dersom helsetilstanden tilseier det, kan tryggleiksalarmen bli trekt attende.
   

Kva er kravet for å motta tenesta 
Tryggleiksalarmen må koplast opp mot telefonnettet.
 
Det vert sett opp nøkkelboks ved inngongsdøra, og søkjar må syta for og betala ekstra nøkkel.

  
Betaling for leige av alarm er etter betalingssatsar fastsett av kommunestyret. I leiga ligg det og vedlikehald og reparasjon.
  
Pris for leige finn du under betalingssatsar for helse- og omsorgstenester. 
 

Meir om saksbehandling og rett til å klaga på vedtak finn du her.
 
Korleis søkja tenesta 
Søknad skal skrivast på Søknadsskjema Helse- og omsorgstenester og sendast til Tenestekotnoret i Bømlo kommne, Leirdalen 1, 5430 Bremnes. Du kan òg levera søknaden i skranken på Rådhuset.


Har du spørsmål? Ta kontakt på tlf 53 42 34 70.

Sist endra 13.02.2019
Fant du det du leitte etter?
Skattar-avgifter-gebyr
Eining (1)
Relaterte artiklar (1)
 
Login for redigering