Omsorgsløn

Målgruppe 
Personar som har ikkje-pliktig omsorgsarbeid.   
 
Formål med tenesta 
Å gje løn til personar som har eit særleg tyngjande omsorgsarbeid.   
 
Tenesta gjeld 
Omsorgsløn kan etter søknad innvilgast til personar som har stort omsorgsarbeid. Løna vert gjeven som oppdrag med eit på førehand fastsett timetal pr. veke. Løna vert rekna etter 37,5 t/veke rekna etter høgste sats for heimehjelp. Det vert ikkje gjeve tillegg som kvelds-, natt-, laurdags- og søndagstillegg eller feriepengar.
 
Omsorgsløn er ikkje meint som fullverdig løn for omsorgsarbeidet.

 

Kva er kravet for å motta tenesta 
Søknaden vert vurdert etterLov om Helse og omsorgstjenester og Pasient og brukerrettighetsloven .Det vil bli vurdert kor krevjande, omfattande og langvarig omsorgsopppgåva er. Det vil vidare bli vurdert om det er den beste hjelpa / tiltaket for omsorgsmottakar og i samsvar med vedkommande sitt ønskje. Det vert og sett i samanheng med andre iverksette hjelpetiltak.

Du må ha søkt om hjelpestønad frå NAV for å bli innvilga omsorgslønn.
  
Det skal skrivast arbeidsavtale med lønsmottakar og avtalen skal ha ei tidsramme som kan forlengjast. Løna fell bort straks, dersom omsorgsmottakaren vert innlagd i sjukehus eller institusjon, eller at hjelpa vert gjeven av andre i meir enn 7 dagar. 
 


 

Korleis søkja tenesta? 


Barn/Unge (under 18 år):
Søknad skal skrivast på søknadsskjema helse og omsorgstenester (PDF, 375 kB)og sendast til Barne og Familietenesta, Bømlohallen, 5430 Bremnes. Du kan òg levera søknaden i skranken på Rådhuset.

Har du spørsmål? Kontakt:

Gro Marita V Tulloch, 53 42 32 05, gro.marita.vage@bomlo.kommune.no, eller

Tina Olsen, 53 42 32 11, tina.olsen@bomlo.kommune.no

 

Vaksne/eldre (over 18 år):
Søknad skal skrivast på søknadsskjema helse- og omsorgstenester (PDF, 375 kB)og sendast til Tenestekontoret i Bømlo kommune, Leirdalen 1, 5430 Bremnes. Du kan og levera søknaden i skranken på Rådhuset. 

Har du spørsmål? Ta kontakt på tlf 53 42 34 70.


 Meir om saksbehandling og rett til å klaga på vedtak finn du her.



  

Sist endra 16.02.2018
Fant du det du leitte etter?
Skattar-avgifter-gebyr
Kommunale tenester (1)
Eining (1)
 
Login for redigering