Saksbehandling, Helse og omsorgstenester

Søknad om helse og omsorgstenester skal skrivast på dette skjema. Har du spørsmål til utfylling av skjema kan du ta kontakt med tenestekontoret på telefon 53 42 34 70.

 

Individuell vurdering
Alle søknader blir vurdert individuelt av fagpersoner. Vurderingen skal skje i dialog med deg, enten per telefon, i møter eller ved heimebesøk. Samarbeidet med deg som søkjar om hjelp er viktig for å finna fram til det rette tenestetilbodet. Saksbehandlar og dei som utfører tenesten har alle taushetsplikt.


Vedtak
Kommunen fattar vedtak som gjeld for ein bestemt periode. Vedtaket skal beskriva kva slags hjelp og kor mykje hjelp som blir gitt. Om ein må betale for tenesta skal det framgå av vedtaket.

Dersom du ikkje fåt tilbod om hjelp skal det fattast eit vedtak om avslag. Vedtaket skal vera begrunna om du får avslag eller midre hjelp enn det du søkjer om.
 

Innsynsrett
Som part i ei sak har du rett til innsyn i dei saksdokumenta som ligg til grunn for vedtaket. Dersom du ønskjer å gjera deg kjent med dokumenta, kan du ta nærare kontakt med sakshandsamar.   

 

Klagerett
Om du får avslag på søknaden eller du får mindre hjelp enn det du har søkt om, kan du klaga. Du kan òg klaga på kvaliteten på tenestene som blir utført. Korleis du skal gå fram ved klage er beskrive i vedtaksbrevet. Tenestekontoret kan gje nødvendig råd og rettleiing i å setja fram klage.

Dersom vedtaket vert oppretthalde, vil klagen automatisk bli oversendt til Fylkesmannen i Hordaland for endeleg avgjerd.

 

Dette er viktig når du fyller ut søknad om helse og omsorgstenester:

  • Fyll ut personopplysningar så nøye du kan. Hugs å skrive heile personnummeret (11 siffer)
  • Dersom du har trong for å fylle ut eit ekstra ark kan du gjera det.
  • Det er særs viktig at du som søkjar eller fullmektig/verje/hjelpeverje eigenhendig skriv under søknaden. Dersom andre enn søkjar skriv under skal det liggje ved fullmakt. Søknad utan underskrift vert ikkje handsama/ blir returnert.
  • Søknad om helse- og sosialtenester ikkje sendast elektronisk. Ta utskrift og send eller lever søknaden.

 

Spørsmål?
Ta gjerne kontakt med Tenestekontoret på tlf 53 42 34 70

Sist endra 10.11.2015
Fant du det du leitte etter?