Heimesjukepleie

Målgruppe 
Innbyggjarar i Bømlo kommune og dei som til ei kvar tid oppheld seg i kommunen og som treng helsehjelp.Ein vil kunna ha rett 
til hjelp ved; skade eller akutt sjukdom, kronisk sjukdom eller funksjonssvikt, psykisk liding, eit pleie- og omsorgsbehov som du sjølv ikkje kan meistra, tilretteleggjing og hjelp ved måltider.

 

Formål med tenesta 
Å yta ei god teneste i høve til brukarane sine fysiske, psykiske, åndelege og sosiale behov. Tenesta skal byggja opp under det brukarane sjølv klarar og så langt råd er hindra at det oppstår svikt og at denne får utvikla seg. Heimesjukepleie kan og vera eit tiltak som bidreg til at brukar kan bu lenger i eigen heim.
 

 

Tenesta gjeld 
Heimesjukepleie vil til ei kvar tid bli gitt av ein person (sjuke-, verne- eller hjelpepleiar/omsorgsarbeidar) som er kvalifisert til oppgåva. Heimesjukepleie vert ytt etter frå Bømlo heimetenster (Bremnes/Moster) eller frå Søra Bømlo omsorgsområde.

 
Tenestetilbodet er m.a.;

  • personleg stell og pleie
  • medisindosering, sprøytesetting, behandling av kateter
  • tilretteleggjing og hjelp ved måltider
  • oppfølgjing etter sjukehusopphald

Tenesta omfattar m.a. ikkje; transport, følgje til lege m.m.(kun i spesielle tilhøve vurderast), vaksinering, blodprøve, fotpleie, frisør


 

Kva er kravet for å motta tenesta 
Søknaen blir vurdert etter Lov om helse og omsorgstjenester og Pasient og brukarrettighetsloven. Tildeling skjer etter ei fagleg inviduell vurdering av Tenestekontoret. Me legg vekt på at hjelp skal bli gitt i samråd med dine ynskjer og behov. 
 

Ved tildeling legg me vekt på at

  • hjelpa skal gje hjelp til sølvhjelp.
  • kva du kan klara sjølv/ kva eventuelle andre i husstanden kan klara
  • kva våre du og våre tilsette kan gjera i lag/kva våre tilsette må hjelpa deg med

 

 

Heimesjukepleie vert ytt frå to ulike omsorgsområder Bømlo heimetenester (Bremnes/Moster) og Søra Bømlo omsorgsområde.

"Me kan lova at du..."

  • vil bli møtt med respekt
  • så langt som råd er skal få vera med på å påverka den tenesta som vert gjeven
  • skal få rett til å sei nei til behandling

" Me ventar at du..."

  • kontaktar heimesjukepleien ved behov
  • seier ifrå når du skal reisa bort
  • seier ifrå når behovet ditt vert endra eller skal opphøyra

Bømlo kommune har brei erfaring med bruk av hjelpemidlar i den heimebaserte tenesta. Bruk av hjelpemidlar er til det beste både for den som mottek hjelp og for dei tilsette. Omsorgsområda kan gje avslag på heimesjukepleie dersom me ikkje kan nytte oss av hjelpemidlar. 
 

Korleis søkja tenesta 
Søknaden skal skrivast på søknadsskjema for helse og omsorgstenester og sendast til:

Tenestekontoret

Rådhuset

Leirdalen 1

5430 Bremnes.


Du kan òg levera søknaden i skranken på Rådhuset.


Har du spørsmål? Ta kontakt med Tenestekontoret på tlf 53 42 34 70.

 

Betaling 
Heimesjukepleie er gratis.


Meir om saksbehandling og rett til å klaga på vedtak finn du her.

Sist endra 04.12.2015
Fant du det du leitte etter?
Skattar-avgifter-gebyr
Eining (1)
 
Login for redigering