Praktisk bistand (heimehjelp)

Målgruppe 
Personar som har eit særleg hjelpebehov grunna sjukdom, funksjonshemming, alder eller andre årsaker.   
 
Formål med tenesta 
Målet er gjennom praktisk bistand og opplæring å betra søkjar si funksjonsevne og/eller syta for å gje hjelp med praktiske gjeremål i heimen. 
   
 
Tenesta gjeld 
Heimehjelp kan vera reingjering, støvtørking, handling, golvvask, sengeskift o.l. 

 
Kva er kravet for å motta tenesta

Søknaden blir vurdert etter Helse og omsorgstjenesteloven og Pasient og brukarrettighetsloven.

Ved tildeling legg me vekt på at

  • hjelpa skal gje hjelp til sjølvhjelp
     
  • kva du kan klara sjølv/ kva eventuelle andre i husstanden kan klara
     
  • kva våre du og våre tilsette kan gjera i lag/kva våre tilsette må hjelpa deg med


Brukaren må vera tilstades når hjelp vert ytt og ha til rådvelde naudsynt utstyr til reingjering som;

  • vaskebytte, vaskefiller, støvklutar, golvfiller og vaskemiddel
  • langkost med gumminal / mopp med langt skaft
  • støvsugar med god effekt
  • oppvaskemaskin

Den som mottek hjelp må straks melda frå om endring av hjelpebehov og syta for at heimehjelpar har eit forsvarleg arbeidsmiljø som t.d. normal romtemperatur, røykfritt rom o.a. Grunna omsyn til den tilsette kan manglande utstyr / dårlege arbeidstilhøve føra til at vedtak om heimehjelp vert trekt tilbake eller ikkje forlenga


Heimehjelparen gjer ikkje; Reint i rom som ikkje er i dagleg bruk, reint etter gjester som du har hatt vitjing av, husvask / storvask

Dersom du ikkje har bruk for oss ein dag må du gje melding så snart som mogleg.
  
Kva gjer kommunen
Søknad om heimehjelp blir vurdert etter Helse og omsorgstenestjenesteloven  og Pasient og brukerrettighetsloven. Tildeling skjer etter ei fagleg og individuell vurdering og vert i samråd med brukar fortløpande vurdert. Praktisk bistand vert ytt etter frå Bømlo heimetenster (Bremnes/Moster) eller frå Søra Bømlo omsorgsområde.
  
"Me kan lova at..." 

  • du skal få heimehjelp til avtalt tid
  • dersom me ein dag må leggja om arbeidsplanen skal du få melding seinast same morgon som du skulle hatt hjelp
  • dersom du får avslag på søknaden din skal du få nødvendig hjelp til å klaga
  • du skal bli møtt med høflegheit og respekt

"Dersom me ikkje held pliktene våre..."

  • må du ta dette opp med næraste leiar eller verksemdsleiar
  • har personalet plikt til å hjelpa deg med å klaga 
  • og du vel å klaga, skal du likefullt bli møtt med respekt og høflegheit

Korleis søkja tenesta 
Søknad skal skrivast på Søknadsskjema Helse og omsorgstenester og sendast til Tenestekontoret i Bømlo kommune, Leirdalen 1, 5430 Bremnes. Du kan òg levera søknaden i skranken på Rådhuset. Søknaden må underskrivast av søkjar/hjelpeverge.

Har du spørsmål? Ta kontakt  med tenstekontoret på tlf 53 42 34 70.  

 

Betaling

Pris for praktisk bistand finn du her

 

Meir om saksbehandling og rett til å klaga på vedak finn du her.

Sist endra 05.02.2015
Fant du det du leitte etter?
Skattar-avgifter-gebyr
Eining (1)
 
Login for redigering