Elev- og læringssyn

 

Elevsyn
1. Elevane skal bli sett og få positiv merksemd kvar dag.
2. Me trur at alle elevar treng tydelege vaksne for å oppleve tryggleik.             
3. Alle treng eit godt sjølvbilete for å kunne lære.
4. Me har tru på at alle elevar kan utvikla seg gjennom å oppleva meistring.    
5. Alle elevar må behandlast rettferdig.


Elevane våre skal få utvikla gode sjølvbilete gjennom læring og meistring. Dei skal oppleva eit trygt miljø utan store konfliktar. Ved å læra seg å vera saman, samspela og gi og få, vil dei auka sitt faglege utbytte av skulen. - Elevar som blir sett og får positiv merksemd utviklar seg best! På Foldrøy skule veit me at gode relasjonar mellom lærar og elev og mellom elevane er viktige for elevane si læring.  

Slik ser vi på læring
Alle elevar skal oppleva at dei har eit godt læringsmiljø på skulen. Kvar einskild elev skal oppleva meistring og at han eller ho når sine mål! Det er også viktig at elevane møter tydelege vaksne som tek felles ansvar i skulekvardagen. Elevane skal i skulen møta forskjellige arbeidsmetodar og få utvikla fleire sider ved seg sjølv. Aktivitet, innsats og gode arbeidsvanar fremjar læring. Me nyttar digitale hjelpemiddel, med “It’s learning” som læringsplattform.


Den gode timen

Undervisninga vår har tydelige mål og tydelig metodikk, og ei god avslutning med tid til refleksjon, kompletterer den gode timen. Læraren har god kontakt med alle elevane før undervisninga startar, og me dveler ved «gode augneblikk». Vår omtale av elevar er alltid prega av venlegheit og respekt.

Sist endra 13.09.2019
Fant du det du leitte etter?
Kunngjeringar
Relaterte artiklar (1)
 
Login for redigering