Kommunebudsjettet 2017

Nye Bremnes ungdomsskule. Skisser. Illustrasjon. (Vikanes/Bungum arkitekter) - Klikk for stort bilete

Rådmann Geir E. Aga har presentert sitt framlegg til budsjett 2017 og Velferdsplan 2017-2020. Det varttil politisk handsama i formannskapet 15. november. Endeleg budsjettvedtak vart gjort i kommunestyremøtet 12. desember 2016.

Framside budsjettvedtak kommunestyret - elevar på veg over bru på Espevær. Foto. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

Budsjettprosessen 2017-2020

 

12.12.2016:
Kommunestyret - Budsjett 2016 - Velferdsplan 2016-2019 - endeleg budsjettvedtak (PDF, 4 MB)
 

15.11.2016:
Formannskapet - protokoll med fleirtalskoalisjonen sine tilleggspunkt


Rådmannen sitt framlegg til budsjett 2017 - Velferdsplan 2017-2020 (PDF, 4 MB)

 

1.11.2016:

Rådmannen sin budsjettpresentasjon 2017 (PDF, 840 kB)


Informasjon om budsjettprosess og forklaringar

Kommunen sitt budsjett er ein plan for kommunen sine utgifter og inntekter i eit gitt budsjettår. Budsjettet skal svara til dei utgifter og inntekter som verkeleg kan påreknast, og er bindande for dei kommunale mynde sin forvaltning i budsjettåret. Budsjettet må vere fullstendig.


Rådmannen legg fram budsjettforslaget for formannskapet. Formannskapet kan endre rådmannen sitt forslag og legg fram sitt forslag til kommunestyret.


Kommunestyret behandlar formannskapet sitt forslag til budsjett i desember kvart år, og vedtek det endelege budsjettet for påfølgande år.


Kommunen sin økonomiplan strekkjer seg over fireårs-periodar og er rullerande. Økonomiplanen er til ei kvar tid eit retningsgjevande dokument.

Publisert av Simon Knutsson Sortland. Sist endra 21.12.2016
Fant du det du leitte etter?
Kunngjeringar
 
Login for redigering