For alle gjeld at dei bur i eigen bustad og treng praktisk og personleg hjelp og hjelp til organisering av eige liv.
Føremålet med hjelpa frå miljøtenesta er å gje hjelp til sjølvhjelp slik at personen får auka meistring i å bu og i å organisera eige liv.
Tenesta omfattar tilrettelegging, råd og rettleiing.
Omfanget av tenestene vert avtalt med den einskilde og kan variera frå nokre timar i månaden til fleire timar i døgnet.
For å motta miljøteneste er det eit vilkår at personen deltek utifrå eigne føresetnadar.