Kommunedirektøren sitt budsjettframlegg 2021

Måndag 2. november presenterte kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter sitt framlegg til budsjett for 2021 og Velferdsplan 2012-2024 for kommunestyrerepresentantane. 26. november handsamar formannskapet innstillinga i ekstramøte og gjer si tilråding for kommunestyret. Endeleg budsjettvedtak vert gjort i kommunestyremøte 14. desember.

Framside budsjettframlegg 2021 frå kommunedirektøren. Bilde av klokketårn Svortland skule. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete Kommunedirektøren har kalla budsjettframlegget sitt for "Framtid med moglegheiter".

 

Budsjettet er basert på rammer og føringar som ligg i Regjeringa sitt framlegg til Statsbudsjett. No skal dette handsamast i Stortinget.

 

Les kommunedirektøren sitt budsjettframlegg for 2021 (PDF, 4 MB)

Sist endra 16.11.2020 13:04
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering