Koronavirus - info 815 55 015. Kommunal infoside

Organisering av elevane

Elevane våre er delt inn i to grupper i ein del av timane, 1. - 4. trinn og 5. - 7. trinn.


Elevane bruker IKT i dei fleste faga, både skriveprogram, pedagogiske program og eigna adresser på Internett (til å trena ulike emne i t.d N&M, samf., norsk, musikk og matte) og søke ny informasjon. Dette er nyttig når dei jobbar med arbeidsplan. Power-point-presentasjonar er noko elevane likar og alle elevane har STL+ (skrive seg til lesing) insttallert på elev-PCane sine. Elevane kan nytte STL+ til alle tekstane dei skriv på data. Elevane i 1.-4.klasse har ei lita Smart tavle og 5.-7.klasse har ei Smart tavle i sitt klasserom. Tavlene blir nytta når elevane har presentasjonar og ved brukt av m.a.interaktive pedagogiske program til læreverka og salaby. Tavlene blir også nytta ved gjennomgong av fagstoff.


Me starta opp med arbeidsplan på ein dag eller to, og har no utvida til to veker. Då vel elevane kva tid dei vil jobba med dei ulike faga, og om kva hjelpemiddel dei vil nytta til det. Kvart nytt emne blir gjennomgått før elevane jobbar vidare med arbeidsplanen. Når arbeidsplanperioden er ute skriv elevane vurdering ut fra læringsmåla for perioden. Lærarane skriv også vurdering etter perioden. Foreldra får vurderingane heim til gjennomlesing og kan skrive kommentarer.


Skulebiblioteket blir nytta aktivt av elevane. 5.-7. trinn har klasserommet sitt i same rom som skulebiblioteket. Elevane er glade i å lesa skjønnlitterære bøker, men også faglitteraturen blir aktivt brukt saman med arbeidsplan, og når dei jobbar med tema/prosjekt. Våren og hausten 2015 har elevane skrive fagartiklar. Då nyttar dei STL+ om ønskjeleg og finn fakta på internett og i bøker.

 

Sist endra 13.11.2015
Fant du det du leitte etter?
Relaterte artiklar (1)
 
Login for redigering