AV•OG•TIL

avogtil_farger.jpg - Klikk for stort bilete

Måten ein drikk på, kan få store konsekvensar for både familiar og enkeltpersonar. Derfor samarbeider Bømlo kommune med alkovettorganisasjonen AV-OG-TIL for å auke oppslutninga om alkovett og endre skadelege drikkemønster. AV-OG-TIL er en alkovettorganisasjon. Vi setter fokus på situasjoner der alkohol utgjør en særlig risiko eller kan være til ulempe for andre. AV-OG-TIL vil bidra til å redusere de negative følgene av alkoholbruk i samfunnet og gjøre hverdagen tryggere for alle. 

Som AV-OG-TIL-kommune har vi AV-OG-TIL som sparringpartnar om alkovett i kommunen, noko som gjer oss betre rusta til å jobbe med alkoholførebygging i nærmiljøet. Alle bør ha ei reflektert haldning til si eiga drikking, derfor er målgruppa for arbeidet alle vaksne som drikk alkohol.

 

Bømlo kommune sin AV-OG-TIL-brosjyre (PDF, 3 MB)

 

AV-OG-TIL-kommunane deltek i AV-OG-TIL sine nasjonale kampanjar som fokuserer på situasjonar der alkohol kan skade eller utgjere ein risiko for den som drikk, eller for dei rundt. Bodskapen vil vere synleg rundt om i kommunen, og vi som jobbar med alkoholførebygging og folkehelse, er tilgjengelege dersom de ønskjer å ta ein prat om alkohol og konsekvensane av alkoholbruk.

 

Alkohol kan ha både positive og negative sider, men bodskapen er enkel: Alkovett handlar om å tenkje over om du skal drikke, og når du skal stoppe.

 

AV-OG-TIL jobbar ikkje for at man skal slutte å drikke alkohol, men at vi skal redusera alkoholbruken der det kan vere farleg eller gå ut over andre. Derfor har dei kampanjar som særleg fokuserer på situasjonar kor alkohol utgjer ein særleg risiko.

 

Desse er:  Arbeidsliv, båt- og badeliv, graviditet, idrett og friluftsliv, livskriser, samver med barn og unge og trafikk.

 

AV-OG-TIL driv haldningsskapande arbeid gjennom eit breitt nettverk av frivillige organisasjonar, kommunar og andre samarbeidspartar.

 

Den daglege aktiviteten koordinerast av eit sekretariat med åtte tilsette i Oslo. Verksemda finansierast av medlemskontingentar og tilskot frå Helsedirektoratet.

 

I Bømlo kommune blir AV-OG-TIL-arbeidet koordinert av SLT-koordinator.

 

Lær meir om AV-OG-TIL

Publisert av Stian Olderkjær. Sist endra 02.10.2017
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

kontaktperson
Mobil:
909 51 516
Tittel:
slt-koordinator
Bunnhjørne
Viktig informasjon (1)
Nyttige lenker (1)
 
Login for redigering