Seniorsymjing

Ynskjer du å prøve ut symjehallen saman med andre seniorar? Me ønskjer velkommen til seniorsymjing.

seniorsymjing vår 2019.jpg - Klikk for stort bilete

Målgruppe:

Pensjonistar og vaksne over 60 år

 

Tidspunkt mai-juni 2019:

Onsdag 08.05 kl 12:15 -14:00 
Onsdag 15.05 kl 12:15 -14:00 
Onsdag 29.05 kl 12:15 -14:00 
Onsdag 05.06 kl 12:15 -14:00
 

Føremål:

Bømlo symjehall er bygd for å stetta behovet for symje og livredningsundervisning i grunnskulen, men skal også stimulere utvikling av symjemiljøet og styrke folkehelsetilbodet på Bømlo. Det å tilby eigne tilrettelagde tider for symjing for seniorar kan vera eit viktig tiltak for god folkehelse.
 
Me ønskjer å skapa ein arena for aktivitet og sosialt samvær for vaksne i Bømlo med fokus på aktivitet, helse, meistring og sosialt samvær. Ein kan symje i begge bassenga, alt etter kva ein øsnkjer. 
 

Tidspunkt:

Me må nytta ledige tider på dagtid der skulen ikkje nyttar symjehallen. Planen kan derfor ikkje setjast opp for lang tid framover då det kan bli endring i skulebadinga.
 
Fram mot jul vil me nytta onsdagar frå kl. 12.15 til 14.00. Kvar tredje onsdag er opptatt med skulebading også på dette tidspunktet. Det blir derfor seniorsymjing to av tre onsdagar.
 

Pris:

Den enkelte betalar ordinær billett. 45kr honnør / 60kr vaksen.
 

 

Sist endra 29.04.2019 12:30
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

kontaktperson
Telefon:
53 42 32 60
Mobil:
952 48 744
Tittel:
leiar Bømlo symjehall
Bunnhjørne
Relaterte artiklar (1)
 
Login for redigering