Fysioterapi

Målgruppe
Fysioterapeutane yt tenester til alle aldersgrupper, og med varierte diagnosar. Dei kommunalt tilsette fysioterapeutane yt i hovudsak teneser til barn, funksjonshemma og eldre.

 

 

Formålet med fysioterapi 
Målsetjinga for tenesta er å hjelpe brukaren til best muleg funksjon utifrå brukarens føresetnader, samt god livskvalitet for den enkelte. Det blir jobba innan helsefremjande, førebyggjande, behandlande og rehabiliterande/habiliterande verksemd. Fysioterapeutar nyttar kroppslege innfallsvinklar og ei rekkje metodar og tilnærmingar for å stimulere til lærings- og endringsprosessar som kan bidra til best muleg funksjon.
 

 

 

Kva er fysioterapi
Fysioterapeutar er autorisert helsepersonell som har sjølvstendig vurderings- og behandlingsansvar. Kunnskapsfeltet er kropp, bevegelse og funksjon. Fysioterapeutar har brei kunnskap om bevegelsessystemets oppbygning og funksjon hos frisk og sjuk, og om korleis fysiske, psykiske og sosiale faktorar bidrar til helse og sjukdom. Fysioterapeutane jobbar for at individ og befolkningsgrupper utviklar, opprettheld og gjenvinn optimal bevegelses- og funksjonsevne gjennom livslaupet. 

Brukarens aktive deltaking i behandlinga er sentral, måla vert sett i saman med brukaren. For at brukaren skal kunne bruke sine ressursar eller for å førebyggje helseplager, er tilrettelegging av omgjevnadane viktig.  Fysioterapeuten bidrar til tiltak og opptrening som kan styrke pasientens funksjonsnivå. Vegleiing av andre yrkesgrupper om bevegelse, trening og funksjon er viktig.

Fysioterapeuten samarbeidar med fleire andre aktørar i rehabilitering og habilitering. Det er til dømes skular, barnehagar, helsestasjon, PPT, heimetenestene, pårørande, spesialisthelsetenesta, NAV-hjelpemiddelsentral og ergoterapeutane. Sistnemnde er samlokalisert med fysioterapeutane.


Organisering av tenesta i Bømlo kommune
Fysioterapitenesta er organisert under helsetenesta. Det er 5,3 stillingar for kommunalt tilsette fysioterapeutar. Fysioterapeutane arbeider mest med brukarar der det er behov for tverrfagleg samarbeid. Difor vert dei fleste barn med behov for fysioterapi tilvist til kommunefysioterapeut. Det same gjeld mange utviklingshemma og eldre som treng oppfølging i heimane eller på institusjon.. I mange tilfelle kan det vere greitt med ein rekvisisjon frå lege for å få behandling hos fysioterapeut. Anna helsepersonell kan også tilvisa for vurdering, funksjonskartlegging, rettleiing og hjelpemiddelformidling.
 


I Bømlo kommune er fysioterapitilbodet organisert slik at undersøking og behandling av vaksne personar som sjølv kan forflytta seg til fysioterapeuten, i hovudsak skal utførast av privatpraktiserande fysioterapeut med kommunalt driftstilskot.
 Det er 3,4 driftstilskot til privatpraktiserande fysioterapeutar, fordelt på fem personar. For behandling hos privatpraktiserande fysioterapeut med driftstilskot, treng du rekvisisjon frå lege.
 Utan rekvisisjon må du betala meir for behandlinga, då fysioterapeuten i slike tilfelle ikkje får refusjon frå NAV. Behandling hos dei kommunalt tilsette kostar det same som hos dei private.

 

Har du behov for fysioterapi
Har du behov for fysioterapi frå kommunal fysioterapeut kan du ta kontakt med sjefsfysioterapeut eller kommunefysioterapeutane, eller fylla ut tilvisingsskjema. Kor lang tid det tar før ein får time varierer. I periodar med stor pågang har ventetida vore opptil fleire månader. Enkelte pasientgrupper blir prioriterte, avhengig av tilvisingsårsak. Dette gjeld m.a. pasientar med akutt trong for fysioterapi, hjelpemidlar eller oppfølging, som t.d. spedbarn, rehabiliteringspasienter ved BBR, pasientar med
raskt progredierande sjukdomar, behov for lungefysioterapi, somme nyopererte, og pasientar med nyoppdaga funksjonshemmingar eller spesielle diagnosar.

Dersom du har behov for fysioterapi hos privatpraktiserande fysioterapeut tek du kontakt direkte med fysioterapeuten.

 

Korleis søkja kommunal fysioterapeut

Tilvising til fysioterapi

 

Relaterte artiklar
Ergoterapi
Hjelpemidlar

 


Kontaktinformasjon:
 

Fysioterapeutar:

 

 

Postadresse:
Ergo- og fysioterapitenesta
Leirdalen 25
5430 Bremnes

 

 

 

 

Private fysioterapeuter med driftstilskot:

 

Bli God Fysikalske
Øyvind Østensen og Linda Mari Skimmeland Kalvenes
Svortland
5430 Bremnes
Tlf: 53 42 13 11

 

 

Stang Fysioterapi
Thomas Stang
Mælandsvågen
5430 Bremnes
Tlf: 41 31 02 00 

 

 

Bømlo psykomotoriske fysioterapeut
Johanne Thoresen Malme
Skimmelandstunet
Grindheimsvegen 54
5440 MOSTERHAMN
Tlf: 92 60 58 15

 


 

Langevåg fysioterapi
Håkon Andreas Karlsen
5443 Langevåg
Tlf:  41 51 46 61 

 


 

Sist endra 19.10.2017
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 33 42
Mobil:
900 83 537
Tittel:
verksemdsleiar
Bunnhjørne
Kommunale tenester (2)
Eining (1)
 
Login for redigering