MOT Bømlo

MOT.jpg - Klikk for stort bilete Bømlo kommune er eit lokalsamfunn med MOT. MOT har utvikla ein heilskapleg modell for korleis skular og lokalsamfunn kan jobbe saman med ungdom, som involverer både fritidsarena og foreldre.

 

MOT blei starta av norske toppidrettsutøvarar i 1997. Initiativtakarane var skøyteløparane Atle Vårvik og Johann Olav Koss.

 

MOT samarbeider med ca 300 skular og når 65 000 ungdommar over heile Norge.

 

MOTs målgruppe er alle ungdommar der ein skule eller kommune har inngått en partneravtale med MOT.

 

Det er dokumentert at MOT har effekt på fleire områder: Ungdommars sjølvtillit, optimisme og mot. I tillegg styrkast opplæringskvalitet og læringsorientering ved bruk av MOT. MOT førebygger hyppig mobbing, mistrivnad, gruppepress, einsemd og rusmisbruk. MOT beskyttar mot dei mest negative utslaga i ungdomstida.

 

MOT har sidan 2008 evaluert effekten av sine program. Rapporten «Organisasjonen MOT under lupen» summerer opp ti evalueringar og fleire systematiske tilbakemeldingar gjennomført i perioden 1999-2010, og desse understreker følgande konsekvensar for ungdom:

  • Styrka sjølvtillit og optimisme
  • Styrka oppvekst og opplæringskvalitet
  • Auka forståing for kor viktig det er å bry seg om andre
  • Avgrensa mobbing
  • Redusert bruk av alkohol og nikotin
  • Styrka læringsorientering

Ein gjennomgang av elevundersøkingar av MOTs forskingsleiar Bjørg-Elin Moen viste at:

  • 57 % fleire opplever å bli mobba ein gong i veka eller meir i 10.klasse blant landsgjennomsnittet samanlikna med MOT-skular
  • Blant landsgjennomsnittet var det ei auking i talet elevar som vart mobba fleire gonger i veka i løpet av ungdomsskuletida.
  • På MOT-skulane var det ein reduksjon i talet elevar som mobbast fleire gonger i veka i løpet av ungdomsskuletida.

 

For meir informasjon gå til MOT si nettside

 

 

 

Publisert av Stian Olderkjær. Sist endra 03.12.2015
Fant du det du leitte etter?
Kommunale tenester (1)
 
Login for redigering