Ungdata

ungdata-blaa.jpg - Klikk for stort bilete

 

Ungdata er eit kvalitetssikra og standardisert system for lokale spørjeskjemaundersøkingar. Undersøkingane er tilpassa skuleelevar på ungdomstrinnet og i vidaregåande opplæring.

Spørjeskjemaet består av ein obligatorisk grunnmodul, som brukast i alle undersøkingar, og eit sett med valfrie, førehandsdefinerte spørsmål, som kommunar vel frå. Oppdragsgivar kan og supplera med eigenkomponerte spørsmål. Undersøkingane føregår i skuletida og gjennomførast elektronisk.

 

Disse undersøkingane har alle hatt ein komponent knytt til ungdoms bruk av rusmidlar og tobakk, og til ulike former for kriminell- og asosial åtferd som vald og mobbing. I tillegg har undersøkingane i varierande grad dekka ulike sider ved dei unges livsstil og livssituasjon. Det handlar om forholdet til mor og far, familiens økonomi, levekår, nærmiljø, trivsel og mistrivnad og skule og utdanning.

 

Andre tema er bruk av fritida, som fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv, organisasjonsdeltaking, ny informasjonsteknologi, jamnaldringar, venskap, sosialt nettverk, intimitet og seksualitet. I nokon grad er også tema som kulturelle verdiar, religiøse holdningar, politikk og samfunn og psykisk helse tatt opp.

 

 

Ungdata 2016 - Nøkkeltal ungdomsskulen

Ungdata 2016 - Nøkkeltal vidaregåande skule

 

For resultat Ungdata undersøkinga på Bømlo 2013 gå her

 

For meir informasjon gå til Ungdata sine nettsider

Publisert av Stian Olderkjær. Sist endra 01.08.2017
Fant du det du leitte etter?
Kommunale tenester (1)
 
Login for redigering