Hurtigkartlegging med handling - HKH

HKH-framside.jpg - Klikk for stort bilete

Hurtig kartlegging og handling (HKH) er ein kartleggingsmetode utvikla av verdens helseorganisasjon, som kompetansesenter rus (KoRus) vest, Bergen ved stiftelsen Bergensklinikkene har tilpassa praktikarar og norske forhold.

Metoden er god å nytta for å kartlegga marginaliserte grupper, særleg i arenaer og miljø der hjelpeapparatet normalt har lite innsyn. Den aukar moglegheitene for å klårgjera eitt eller fleire problemområde og skal resultera i konkrete forslag til handtering av desse. HKH bygger på ein metodikk der både fagfelt, personar i målgruppa og aktuelle nøkkelinformantar med særskild kjennskap til temaet eller målgruppa, bidreg med sin kunnskap og erfaring (Berg og Flesland 2014, s.5).
 
Ved å nytta eksisterande data i kombinasjon med nye undersøkingar, kartlegg ein identifiserte problemområde. Dette skjer parallelt med at opplysningar om dei ulike instansane sin pågåande innsats vert innhenta. Analysen vert gjennomført ved metodetriangulering. Når ein nyttar HKH-metoden inneber metode-trianguleringa å innhente informasjon frå personar i målgruppa, andre instansar som har kjennskap til og/eller kontakt med personar i målgruppa, statistiske data, regionale og nasjonale rapportar og ungdomsundersøking (Berg og Flesland 2014, s.5 og 27).
 
Dette betyr at funn vert identifisert på grunnlag av gjentekne treff i ulike kjeldedata. På bakgrunn av funn og samanfatta data, presenterer ein forslag til tiltak og handlingsplan.
Metoden sin validitet baserer seg nettopp på kombinasjonen av kvantitative og kvalitative metodar. Innanfor same kartlegging gjev det kartleggingsgruppa høve til å kryssjekka moglege funn. HKH-metoden gjev ikkje vitskapeleg perfeksjon, men målet er god nok kunnskap til å kunne komma med konkrete forslag til handling (Berg og Flesland 2014, s.5).
 
Tid og ressursar gjer at moglegheitene for å kartlegge alle personar og instansar som kan ha kjennskap til problemområde er avgrensa. Kartleggingsteamet har difor nytta eit utval personar som er teoretisk representativt (Berg og Flesland 2014, s.25).
 
 

HKH - Rus blant ungdom på Bømlo 2018 (Full rapport) (PDF, 877 kB)

 

Publisert av Stian Olderkjær. Sist endra 24.05.2018
Fant du det du leitte etter?
Kommunale tenester (1)
 
Login for redigering