Individuell plan og koordinator, ofte stilte spørsmål

  • Kva ligg i definisjonane "langvarige" og "koordinerte" tenester?

Med "langvarig" forstår ein medfødte eller seinare tilkomne funksjonshemmingar av fysisk, psykisk, sosial eller pedagogisk art som varer i meir enn 2 år, eller akutt og alvorleg sjukdom som kan føre til tidleg død.

Med "koordinerte tenester" forstår ein at fleire faggrupper må samarbeide for å yte eit tilstrekkeleg, samordna og heilskapleg tilbod for tenestemottakar.

  • Kva er føremålet med individuell plan?

Individuell plan, som i hovudsak blir utarbeidd i ansvarsgruppa, er eit hjelpemiddel for å uttrykkje felles forståing mellom brukar og hjelpeapparatet om behovet for tenester og iverksetjing av tiltak.

  • Kva prosedyrar er knytta til vedtak om individuell plan?

Ansvarsgruppa kan gjennom individuell plan tilrå tiltak og tenester som krev ressursar, men det er den enkelte tenesta som gjer endeleg vedtak i samsvar med eige regelverk. Den individuelle planen gjev ikkje den enkelte brukaren større rett til tenester enn det som fylgjer av lovgjeving på det aktuelle området.

  • Kven koordinerer arbeidet med individuell plan?

Det er Koordinerande eining som har ansvar for at alle med behov for langvarige og koordinerte tenester, får tilbod om dette.Teamet har ansvar for at det vert oppretta ein kontaktperson, koordinator, som har ansvar saman med søkjar/pårørande/verge iutarbeidinga av individuell plan. Planen skal lagast saman med dei andre medlemane i ansvarsgruppa.      

  • Kven er medlemmer i ansvarsgruppa?

Føresette og koordinator er sjølvskrivne medlemar av ansvarsgruppa. Ansvarsgruppa bør ikkje vere for stor, og gruppa bør i utgangspunktet vere avgrensa til deltakarar med nødvendig mynde på eige ansvarsområde.

  • Er det eige søknadsskjema for å få utarbeidd individuell plan?

Ja. Søknad om individuell plan.

  • Kostar det noko å få utarbeidd individuell plan?

Nei, dette er gratis. Derimot vil enkelte tenester kunne løyse ut eigendelar etter lokale eller sentrale takstar.

Sist endra 31.10.2014
Fant du det du leitte etter?
Relaterte artiklar (1)
 
Login for redigering