Vil du bli støttekontakt?

Er du ein person over 18 år som er stabil og påliteleg, og kan binda deg for minst eitt år? Eller kunne du tenkja deg å bli avlastarheim til barn og unge med nedsatt funksjonsevne? Då treng me deg!

 

Bømlo kommune søkjer etter støttekontaktar. Er du ein person over 18 år som er stabil og påliteleg, og kan binda deg for minst eitt år? Som støttekontakt må du ha overskudd, vera trygg på deg sjølv, vera omsorgsfull og ha evne til samarbeid.
 

Meiningsfull fritid

Me treng menn og kvinner i alle aldrar som likar blant anna å gå på tur, symja, kunst, kino, mekking, fotball, musikk, historie, fisketurar, baking, kaffebesøk og biltur.


Du må vera flink til å lytta, ha forståing for andre sine ulike behov og reaksjonar, ha eit ope hjarta, og sjå personen slik den er. Ein støttekontakt hjelper eit anna menneske til å kunna utfolda seg betre, meistre ulike livssituasjonar og få meir tru på seg sjølve gjennom samvær og aktivitetar over tid.


Barnet/den vaksne får ei meir meiningsfull fritid, noko å sjå fram til, og gode minner å sjå tilbake på. Det at du vert støttekontakt kan hjelpa eit anna menneske meir enn du trur.

 

DET ER MANGE SOM TRENG DEG!

 

Søknadsskjema støttekontaktar

 

Timeliste støttekontaktar - vaksne (PDF, 209 kB)

 

Timeliste støttekontaktar - born og ungdom (PDF, 209 kB)

 

Timeliste for støttekontaktar i Habiliteringstenesta (PDF, 257 kB)
 


Har du spørsmål? Ta kontakt med Tenestekontoret på tlf 53 42 34 70.

 

AVLASTARHEIM
Barne- og familietenesta søkjer og avlastarfamilie til barn med spesielle behov.

Interesserte kan ta kontakt med Barne- og familietenesta, fagansvarleg sosiale tenester/Koordinator tiltaksteam Gro Marita Våge Tulloch 53 42 31 87 /  941 71 130 for informasjon og ein uforpliktande samtale.

 

Sist endra 20.08.2020
Fant du det du leitte etter?