Hjelpemidlar

Leiande ergoterapeut Britt Mari Farestveit (sitjande) og kollegaene Bianca Rolfsnes-Flock og Chatrine Hidle (t.v) har fått eit nytt og meir romsleg og velorganisert hjelpemiddellager i BBR-kjellaren. (Foto: Simon K. Sortland) - Klikk for stort bilete  

Tekniske hjelpemiddel kan lånast ut til dei som treng det i akutte situasjonar i eit kortare tidsrom. Ved varig behov for hjelpemidlar skal det søkjast til NAV Hjelpemiddelsentral. Me kan rettleia deg korleis du skal gå fram, og kven du skal kontakta i høve ein slik søknad. Du som har varig behov kan låna frå korttidslageret om naudsynt, i påvente av  behandling av søknad. Dersom du mottek hjelp frå heimebaserte tenester, kan dei formidla vidare ditt behov.
 

Kor finn du oss

Bømlo Helsehus
Inngang v/ Beinahaugsvegen 4
 

 

Telefon og opningstider:

Måndag          kl 09.00-12.00

Tysdag           kl 12.30-15.00

Onsdag          Stengd

Torsdag         Stengd

Fredag           kl 09.00-11.30

 

I opnings- og telefontida skal du i utgangspunktet både få svar på telefon, og kunna koma innom utan avtale. Det er eit lite førehald dersom ein er ute på akuttoppdrag. I så tilfelle skal den tilsette ha med seg mobiltelefon som du kan nå den på.

Der kan du henta hjelpemidlar etter avtale utover dette.

Fasttelefon: 53 42 31 88

Mobil 46 82 38 79

E-post hjelpemiddel@bomlo.kommune.no

 

Opningstidene gjeld både for tilsett i kommunen og innbyggjarane.
Det er ikkje vakt i helgane, då må ein venda seg til dei heimebaserte tenestene i området.


Utlån frå Hjelpemiddelsentralen i Hordaland
Personar som har eit varig behov for å låna hjelpemiddel, kan få det gjennom folketrygda. Både heimebaserte tenester, ergoterapeutar og fysioterapeutar kan hjelpa deg å søkje, alt etter kva saka gjeld. Det er NAV Hjelpemiddelsentral i Hordaland som forvaltar hjelpemiddel som tilhøyrer folketrygda.
   
Når du søkjer må hjelpemiddelbehovet må vera stadfesta av helsepersonell i kommunen.


Hjelpemiddel skal vaskast før dei vert returnert. I tillegg blir dei grundig reingjort på lageret før utlevering til neste brukar.  

  
Gebyr/avgift:
Ingen
 


Tenesta gjer fylgjande

  • tek imot og leverar ut hjelpemidlar frå korttidslager
  • tek imot og leverar ut hjelpemidlar som kjem frå NAV Hjelpemiddelsentral
  • bringa / henta og montera hjelpemidlar i særskilde høver der brukar sjølv ikkje er i stand til å ordne med det
  • tilvisar til ergoterapitenesta dersom behov

 

 Me forventar at du:

  • sjølv gjera dei oppgåvene du klarar
  • prøver ordner med henting og bringing dersom det er rimeleg
  • gjer oss beskjed dersom du ikkje er heime til avtalt tid

 

Tryggleiksalarm
Tryggleiksalarm kjem ikkje inn under denne ordninga. For å låna alarm, kontakt dei heimebaserte tenestene i området eller tenestekontoret, dei vidareformidlar kontakt.
 
 

Sist endra 30.01.2017
Fant du det du leitte etter?
Eining (1)
 
Login for redigering