Seniorsymjing

Ynskjer du å prøve ut symjehallen saman med andre seniorar? Me ønskjer velkommen til seniorsymjing kvar onsdag.

Gruppe av seniorar i oppvarmingsbasseng. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

Målgruppe:

Pensjonistar og vaksne over 60 år

 

Føremål:

Bømlo symjehall er bygd for å stetta behovet for symje og livredningsundervisning i grunnskulen, men skal også stimulere utvikling av symjemiljøet og styrke folkehelsetilbodet på Bømlo. Det å tilby eigne tilrettelagde tider for symjing for seniorar kan vera eit viktig tiltak for god folkehelse.
 
Me ønskjer å skapa ein arena for aktivitet og sosialt samvær for vaksne i Bømlo med fokus på aktivitet, helse, meistring og sosialt samvær. Ein kan symje i begge bassenga, alt etter kva ein øsnkjer. 
 

Tidspunkt:

Kvar onsdag kl. 12.15 til 14.00.
 

Pris:

Den enkelte betalar ordinær billett. 45kr honnør / 60kr vaksen.
 

 

Sist endra 31.10.2019 14:17
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

kontaktperson
Telefon:
53 42 32 60
Mobil:
952 48 744
E-post:
Tittel:
leiar Bømlo symjehall
Bunnhjørne
Relaterte artiklar (1)
 
Login for redigering