Bømlo vatn og avløpsselskap AS

BVA AS sitt føremål er utbygging, drift og vedlikehald av vatn og avløpsanlegg i Bømlo kommune, og andre oppgåver i tilknyting til dette.

Du kan kontakta Bømlo vatn og avløpsselskap AS på telefon 53 42 88 40.

Bømlo vatn og avløpsselskap AS, BVA, vart stifta 17.12.2002 med bakgrunn i vedtak i Bømlo kommunestyre 18.11.2002. Selskapet har ein aksjekapital på 3,0 mill. kr med Bømlo kommune som eineaksjonær. 

Frå 01.01.2003 overtok BVA eigedomsretten og totalansvaret for vatn- og avløpsanlegg som tidlegare var eigd og drifta av Bømlo kommune.

 

Sjølvkostprinsippet
Det er vedtektsfesta at BVA grunna sitt allmennyttige føremål skal drivast etter sjølvkostprinsippet. Det skal med andre ord ikkje utbetalast utbytte til eigaren, Bømlo kommune. Dette sikrar at eventuelle overskot vert nytta til vidare utbygging av vatn og avløpsanlegg i Bømlo kommune til beste for alle abonnentane som er knytta til leidningsnettet.

Lenke til Bømlo vatn og avløpsselskap AS, BVA finn du her

Sist endra 17.04.2015
Fant du det du leitte etter?
Kontaktinformasjon (1)
 
Login for redigering