Koronavirus - info 53 42 30 01. Kommunal infoside

Digitale søknadsløysingar:

ByggSøk stengjer for nye byggjesøknader 1. oktober 2020. Allereie no kan alle profesjonelle aktørar i byggjenæringa ta i bruk nye, digitale søknadsløysingar for byggjesak. Fem leverandører tilbyr løysingar for å laga og senda byggjesøknader digitalt.

Profesjonelle aktørar kan fylla ut og senda inn:

  • Nabovarsel
  • Rammeløyve
  • Igangsettingsløyve
  • Eitt-trinnssøknad
  • Ansvarsrettar
  • Gjennomføringsplan
  • Endringssøknad
  • Mellombels bruksløyve
  • Ferdigattest

Sjekk her kva løysingar som er tilgjengeleg for private og profesjonelle søkjarar.

Publisert av Elisabeth Gjerde. Sist endra 16.09.2020
Bygging
(20.05.2016)

Ved byggjesak vert det behandla ulike typar byggjesøknader, søknad om deling av grunneigedom og søknad om utsleppsløyve. Me er tilgjengeleg for kundar i rådhuset ved teknisk kundetorg måndag, tysdag, torsdag og fredag kl.09.00-14.00. Du kan også ta kontakt direkte med din saksbehandlar undervegs i søknadsprosessen. 

Byggeveiviser
(30.06.2015)

Nokre mindre tiltak kan du byggja utan at søknad på førehand er sendt til kommunen. Du har sjølv ansvaret for å avklara at byggjetiltaket er i samsvar med regelverket.

 

Det er likevel plikt til å rapportera inn nybygget til kommunen straks det er ferdig bygd. Dette for at kommunen skal ha best mogleg oppdatert kartgrunnlag, sjå skjema nedanfor.

(09.03.2015)

Bømlo kommune har definert naust som eit bygg for lagring/oppbevaring av båtar og ulike fiskerireiskap, samt eit bygg for maritim rekreasjon. Det kan etter søknad godkjennast toalett og dusj i naustet, der maksimal størrelse på våtrommet er på 4 m². Det er i tillegg lov å isolere naustet og det er lov til å ha sløyebenk og vask. Naust skal likevel vera eit lagerbygg og kan ikkje nyttast som fritidsbustad eller til å bu/overnatta i.

 

(04.02.2015)

Dersom du skal ha innlagt vatn i t.d bustaden, hytta eller naustet ditt, så er det krav om at det først ligg føre naudsynt utsleppsløyve, jamfør Forureiningslova og Bømlo kommune si "Lokal forskrift om utslepp av sanitært avløpsvatn".

(28.01.2015)

Det er krav i Plan- og bygningslova til minsteavstander frå tiltak til nabogrense og også mellom bygningar. I tillegg set Veglova krav til minsteavstand frå bygning til offentleg veg

(13.10.2014)

Det er krav om løyve etter plan- og bygningslova til å utføra ulike typar byggjetiltak slik som nybygg, tilbygg og påbygg, samt større endringar og reparasjonar. Dei ulike søknadprosessane kan i hovudsak delast i 3 ulike sakstypar.

 

Ulike byggjerettleiarar etter type tiltak finn du her

Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering