Byggjesak

Ved byggjesak vert det behandla ulike typar byggjesøknader, søknad om deling av grunneigedom og søknad om utsleppsløyve. Vi er tilgjengeleg for kundar i rådhuset ved teknisk kundetorg måndag-fredag kl.09.00-14.30. Du kan også ta kontakt direkte med din saksbehandlar undervegs i søknadsprosessen. 

Byggjerettleiingar kan du finna her

 

Her finn du informasjon om mindre tiltak unnateke søknadsplikt

 

Her finn du informasjon om reglar ved bygging langs offentleg veg

 

Naustreglane i Bømlo finn du her

 

Her kan du finna informasjon om ulike søknadstypar

 

Det kan vera ulike krav til byggjeavstand mellom bygningar, offentleg veg osv. Meir informasjon om dette finn du her.

 

Her finn du informasjon om korleis du søkjer om utsleppsløyve.

 

Graveløyve ved offentleg veg

 

ByggSøk er eit gratis system for utfylling av byggjesøknader på internett. Søknaden vert då sendt direkte til kommunen og er eit alternativ til tradisjonelle papirskjema og blankettar. Systemet vert drifta av Direktoratet for byggkvalitet. Dei har også informasjon om byggjereglane, forskrifter mm.Elektronisk byggjesøknad (ByggSøk) finn du her.

 

Tinging av digitale kart kostar minimum kr.1246,- inkl. mva pr. 01.01.2018. Situasjonskart og naboliste inngår i ordinært saksgebyr for bygge- og delingssak.

 

Her er Bømlo kommune sitt gjeldande gebyrregulativ for byggjesak (PDF, 876 kB)

Bygging
Byggeveiviser
(30.06.2015)

Nokre mindre tiltak kan du byggja utan at søknad på førehand er sendt til kommunen. Du har sjølv ansvaret for å avklara at byggjetiltaket er i samsvar med regelverket.

 

Det er likevel plikt til å rapportera inn nybygget til kommunen straks det er ferdig bygd. Dette for at kommunen skal ha best mogleg oppdatert kartgrunnlag, sjå skjema nedanfor.

(09.03.2015)

Bømlo kommune har definert naust som eit bygg for lagring/oppbevaring av båtar og ulike fiskerireiskap, samt eit bygg for maritim rekreasjon. Det kan etter søknad godkjennast toalett og dusj i naustet, der maksimal størrelse på våtrommet er på 4 m². Det er i tillegg lov å isolere naustet og det er lov til å ha sløyebenk og vask. Naust skal likevel vera eit lagerbygg og kan ikkje nyttast som fritidsbustad eller til å bu/overnatta i.

 

(04.02.2015)

Dersom du skal ha innlagt vatn i t.d bustaden, hytta eller naustet ditt, så er det krav om at det først ligg føre naudsynt utsleppsløyve, jamfør Forureiningslova og Bømlo kommune si "Lokal forskrift om utslepp av sanitært avløpsvatn".

(28.01.2015)

Det er krav i Plan- og bygningslova til minsteavstander frå tiltak til nabogrense og også mellom bygningar. I tillegg set Veglova krav til minsteavstand frå bygning til offentleg veg

(13.10.2014)

Det er krav om løyve etter plan- og bygningslova til å utføra ulike typar byggjetiltak slik som nybygg, tilbygg og påbygg, samt større endringar og reparasjonar. Dei ulike søknadprosessane kan i hovudsak delast i 3 ulike sakstypar.

 

Ulike byggjerettleiarar etter type tiltak finn du her

Fant du det du leitte etter?