Brukarstyrt personleg assistanse (BPA)

Målgruppe 
Sterkt funksjonshemma som har trong for omfattande bistand i dagleglivet, både i og utanfor heimen.   
 
Formål med tenesta 
Målsetjinga med denne tenesta er å medverka til at brukaren får eit aktivt og mest mogleg uavhengig liv, trass i sterk funksjonshemming. 

 

Tenesta gjeld 
Brukarstyrt personleg assistanse er ei alternativ organisering av praktiske og personretta tenester for sterkt funksjonshemma som har trong for bistand i dagleglivet, både i og utanfor heimen. 


Brukaren er arbeidsleiar
Brukaren har rolla som arbeidsleiar og påtar seg ansvar for organisering og innhald i forhold til sine behov. Unntaksvis kan andre vera arbeidsleiar for brukar. Arbeidet er då ulønna. Innanfor dei timerammene som kommunen sitt vedtak tilseier, kan brukaren i prinsippet styra kven han/ho vil ha som hjelpar og kor og til kva tid hjelpa skal bli gitt.


Kva er kravet for å motta tenesta 
Søknaden vert vurdert etter Helse og omsorgstjenesteloven og Pasient og brukarrettighetsloven. Det vert forutsett at bistandbehovet er så stort, eller av ein slik art, at det er meir formålsteneleg å nytta brukarstyrt personleg assistent i staden for tradisjonelle omsorgstenester.

 

Korleis søkje tenesta? 

 

Barn/Unge (under 18 år):
Søknad skal skrivast på søknadsskjema helse og omsorgstenester og sendast til Barne- og familietenesta, Bømlohallen, 5430 Bremnes. Du kan òg levera søknaden i skranken på Rådhuset.
Har du spørsmål? Ta kontakt:

Gro Marita V Tulloch, 53 42 32 05, gro.marita.vage@bomlo.kommune.no

Tina Olsen, 53 42 32 11, tina.olsen@bomlo.kommune.no

 

 

Vaksne/eldre (over 18 år):
Søknad skal skrivast på søknadsskjema helse og omsorgstenester og sendast til Tenestekontoret i Bømlo kommune, Leirdalen 1, 5430 Bremnes. Du kan og levera søknaden i skranken på Rådhuset. 
Har du spørsmål? Ta kontakt på tlf 53 42 34 70.


Betaling:
H
eile eller deler av tenesta kan bli vurdert som praktisk bistand. Det vil då bli sendt ut rekning etter følgjande kommunale satsar.

 

 

Meir om saksbehandling og rett til å klaga på vedtak finn du her

Sist endra 24.05.2016
Fant du det du leitte etter?
Kommunale tenester (1)
Eining (1)
 
Login for redigering