Elevrådet - Moster skule

Alle skular skal ha elevråd.

 

Eit elevråd er eit demokratisk organ valt av elevane på ein skule. Det er elevrådet si oppgåve å representera elevane på skulen overfor rektor og andre som bestemmer på skulen.


I Opplæringslova § 11 står det at elevrådet skal fremja fellesinteressene til elevane på skulen og arbeida for å skapa eit godt lærings- og skulemiljø. Rådet skal også kunna uttala seg i og komma med framlegg i saker som gjeld nærmiljøet til elevane.

 

I barneskulen skal det vera med elevar frå 5., 6. og 7. trinn i elevrådet. Yngre elevar kan også bli valde. I ungdomsskulen skal det vera med elevar frå alle trinn. Kommunen fastset talet på elevrepresentantar. Representantane skal veljast seinast tre veker etter at skulen har teke til om hausten.

 

Elevrådsrepresentanten i kvar klasse kan ta opp saker elevar og klassen meiner elevrådet bør ta vidare med rektor. Det betyr at viss det er noko elevane ikkje er fornøgd med på skulen, kan elevane ta saka opp i elevrådet. Rektor skal høyra på det elevrådet har å seia om skulen.

 

Elevrådet kan t.d.:

  • vera med på å bestemma reglar på skulen
  • seia frå viss det er ekle do eller dårlig luft på skulen
  • fortelja lærarane kva dei synes om undervisninga

 

Eit medlem av undervisningspersonalet på skulen skal ha som oppgåve å hjelpa elevrådet i arbeidet. Denne elevrådskontakten har møte- og talerett i elevrådet.



Leiaren for elevrådet kan kalla inn til møte i rådet i samråd med elevrådskontakten. Rådet skal i alle høve kallast inn når ein tredel av medlemmene i rådet eller rektor krev det.

 

Du kan lesa meir om elevråd og elevrådsarbeid hos Elevorganisasjonen.

I opplæringsloven § 11-2 og § 11-6 finn du reglane om elevråd.

Moster skule, Elevrådet
 Elevrådet 2019/2020 
TrinnTillitsvaldVara
5. trinnTyraOlav
LeviAndrea Milena
6. trinnSelmaAron
HeineTilde
7. trinnEmilieBastian
FredrikLouise
8. trinnAnnaNora
BjarteElisabeth
9. trinnEmilIngeborg
BenjaminAnne
10. trinnNiclasElias
JarleTobias
Lærar representantSolfrid F. PedersenMellomtrinn
Lærar representantHans-Gunnar SkreslettUngdomstrinn
Sist endra 24.08.2018
Fant du det du leitte etter?
Relaterte artiklar (1)
 
Login for redigering