Undervisningstilbod i Bømlo Kulturskule

Korpsmusikantar - Klikk for stort bilete

Undervisningstilbod Bømlo kulturskule held til i flotte lokalar i Bømlo kulturhus. Med eigne øvingsrom for instrumentalopplæring, dansesal og blackboxteater ligg tilhøva godt til rette for undervisninga. Kulturskulen har totalt om lag 500 elevar. 


Kulturskulen føl skuleruta i Bømlo.


Elev er innmeldt for heile skuleåret og må betala for heile skuleåret, sjølv om eleven sluttar før skuleåret er slutt, sjå retningslinjene pkt 3.7.


Oppseiing av plass må gjerast i Speedadmin sin utmeldingsfunksjon eller skriftleg på e-post før nytt skuleår tek til (innan 1. august).


Bømlo Kulturskule visar elles til retningslinjene, som elevar og føresette må vera kjende med før søknad til Kulturskulen.


 

*Instrumentalopplæring

Bømlo kulturskule tilbyr instrumentalopplæring på følgjande instrument:

  • Strykeinstrument
    Ein treng ikkje å kunna lesa noter når ein startar med undervisning. Nedre aldersgrense er året før skulestart. Kulturskulen har nokre instrument til leige. Det vert undervist både i gruppe og enkeltundervisning.
    Meir informasjon >>>
  • Messinginstrument
  • Treblåseinstrument
  • Slagverk

Opplæringa i messing-, treblåsinstrument og slagverk er knytta opp til skulekorpsa i kommunen.

 

*Vokal

Bømlo kulturskule tilbyr vokalundervisning i mange ulike sjangrar. Nedre aldersgrense: 5. klasse.

Frå 2020 startar me opp med sanggrupper. Dette er eit nytt tilbod for born frå 1. til 4. klasse.

 

*Tilrettelagt musikkundervisning/Tilrettelagt kunstundervisning

Dette er eit tilrettelagt tilbod for born og unge med ulike former for lærevanskar. Ta kontakt for nærare opplysningar, samtale om behov og vurdering for opplæring.

 

*Visuell kunst

Med dette tilbodet får elevane opplæring i elementære teknikkar gjennom praktisk arbeid. Ved å stimulera borna sin kreativitet og fantasi skal dei motiverast til å utvikla sitt eige biletspråk.

Les meir om visuell kunst  >>>

 

*Teater

Teatertilbodet vert gjeve i grupper frå 1. klasse.

Les meir om teater  >>>

 

*Dans

Tilbodet tek sikte på å utvikla elevane innafor kreativ dans.

Les meir om dans  >>>



Fant du det du leitte etter?
Kommunale tenester (1)
 
Login for redigering