Koronavirus - info 815 55 015. Kommunal infoside

Pleie- og omsorgstenester - eigenbetaling

Bømlo kommune tek ei eigenbetaling for kommunale pleie- og omsorgstenester etter fastsatte satsar som vert regulert ved kvart årsskifte. Med verknad frå 01.01.2020 vert følgjande satsar for eigenbetaling for kommunale pleie- og omsorgstenester gjeldande.

Abonnement for heimehjelp:

 
Inntekt inntil 2 G (  - 199 716)     210,- /mnd
Inntekt 2–3 G (199 716 – 299 574)    939,- /mnd
Inntekt over 3 G (299 574 -  )      1738,- /mnd.

Inntektsgrunnlaget er siste utlagde likning pr. 01.01. det året hjelpa vert gjeven. Dei som har hjelpestønad til hjelp i heimen får denne lagt til inntekta si. Dei som kun har heimehjelp annakvar veke betalar halvt abonnement, med unntak av dei med inntekt inntil 2 G.

 

PRISLISTE

2020 PRISAR HELSETENESTER (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

 

 

 

(Rev. 02.01.2020.CGM)


Til orientering:

 

Det kan ikkje krevjast vederlag for:

  • heimesjukepleie etter Lov om pasient- og brukerrettigheter §2.1a.
  • praktisk bistand og opplæring etter Lov om pasient- og brukerrettigheter §2.1a

Heimesjukepleie vert ytt etter Lov om pasient- og brukerrettigheter §2.1a. Praktisk hjelp og opplæring til personleg stell og eigenomsorg vert gjeve etter Lov om pasient- og brukerrettigheter § 2.1a og inneber hjelp til å stå opp, leggja seg, personleg hygiene, toalettbesøk, på- og avkleding, hjelp til å eta, tilsyn og tilsvarande grunnleggjande behov, og opplæring for å gjera brukaren sjølvhjelpen.

Det vert ikkje kravd eigenbetaling for praktisk hjelp og opplæring som går på personleg stell og eigenomsorg.

For praktisk hjelp i heimen vert det kravd eigenbetaling etter kommunalt betalingsregulativ.

Viser til Lov om kommunale helse- og omsorgstenester §11.2 samt Forskrift om eigenandel for kommunale helse- og omsorgstenester.

 

Har du spørsmål, kontakt
 

Konsulent Christine Grønås Mæland

Telefon: 53 42 30 65 / 468 34 361
 

E-post: cgm@bomlo.kommune.no

Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering