Handalarm tryggleik

Tryggleiksalarmar i drift att

26.05.2020

Feilen med tryggleiksalarmar som vart meldt i...

Vaksinering

Tilbyr no pneumokokkvaksine

25.05.2020

Bremnes helsestasjon opplyser art dei igjen...

Friviljuge lag illustrasjon

Friviljuge kan søkja momskompensasjon

19.05.2020

Frå i dag kan frivillige lag og organisasjonar...

Politiske fjernmøter

Sjå politiske utvalsmøte på nett-tv

19.05.2020

Bømlo kommunestyre gjennomførte i går eit...

Vis alle

Kommuneplan 2013-2025 - gjeldande arealdel

Kommunestyret vedtok i juni 2019 ny samfunnsdel av kommuneplanen 2019-2049.

 

Arealdelen skal reviderast med oppstart våren 2020.

 

Gjeldande arealdel vart vedteke 18. mars 2013 i kommuneplan for Bømlo kommune 2013 – 2025. Kommunestyret sitt vedtak er endeleg og kan ikkje påklagast, jf. Plan- og bygningslova §11-16. For eventuelle framtidige krav om innløysing eller ekspropriasjon vert det vist til §15-1 og 16 i plan og bygningslova.

 

Den vedtekne kommuneplanen omfattar samfunnsdel og arealdel og består av tekstdel og plankart med tilhøyrande føresegner, retningsliner og vedlegg. Kommuneplanen sin arealdel viser hovudtrekka i arealdisponeringa og rammer og vilkår for kva nye tiltak og ny arealbruk som kan setjast i verk, og kva viktige omsyn som må ivaretakast ved disponering av areala.


Kommuneplanen 2013-2025 inneheld følgjande:

Samfunnsdelen i ny kommuneplan 2019-2049 (PDF, 3 MB)

 

Planomtale til arealdelen (PDF, 2 MB)
 

Her er kommuneplankartet for 2013-2025 (PDF, 9 MB)

 

Akseptkriterium ROS-analyse i arealplanlegging Bømlo kommune 06.02.2013 (PDF, 386 kB)
 

Vedtekne føresegner kommunestyret 18.3.2013 (PDF, 851 kB)


Støyvarselkart del I nord finn du her (PDF, 3 MB)
 

Støyvarselkart del II sør finn du her (PDF, 2 MB)
 

Plankartet er å finna her på www.fonnakart.no.

(Slå på karttype: kommuneplanens arealdel).

Plandokumenta er også tilgjengeleg på Rådhuset, Leirdalen 1, 5430 Bremnes.

Det kom inn mange innspel og merknader til kommuneplanen både frå offentlege organ, ulike lag og organisasjonar, andre med særlege interesser og private grunneigarar. Vedteken kommuneplan er såleis eit resultat av ein omfattande planprosess der dei ulike brukarinteressene er omtalt og vurdert. For fleire av dei innpassa utbyggingsområda er det stilt krav til godkjent reguleringsplan før frådeling av eigedom og utbygging kan ta til.

Hovudmengda av dei private innspela/merknadane gjaldt ynskje om areal til fritidsføremål i strandsona med hovudvekt på søknad om omdisponering av areal frå naust til fritidsføremål.

Dei som har fått ynskje om omdisponering frå naust til fritidsføremål innpassa i kommuneplanen og som ikkje er omfatta av plankrav som nemnt ovanfor, må no søkja om bruksendring i samsvar med § 20-1 pkt.d  i plan- og bygningslova. Dette inneber at søknad om bruksendring frå naust til fritidsbudstad må sendast via godkjent føretak/søkjar som tilfredsstillar krav etter reglane i plan- og bygningslova. Søknaden skal utformast i tråd med nye vedtekne retningsliner og føresegner i kommuneplanen.
 

Sist endra 17.01.2020
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering