Initiativretten

Frå 01.06.2003 har Stortinget vedtatt ei lovendring i Kommunelova, Kapittel 6a. Innbyggerinitiativ. Initiativretten gir innbyggjarane i kommunen rett til å setja ei sak som gjeld kommunen si verksemd på dagsorden i kommunen. Dei folkevalde har ikkje plikt til å vedta forslaget, men dei skal ta stilling til det innbyggjarane foreslår innan 6 månader etter at forslaget er innlevert. 

Vedtaket er tatt inn i eit eige kapittel i kommunelova, og har fått følgjande utforming:

"§ 39a. Innbyggerinitiativ

1.    Kommunestyret eller fylkestinget plikter selv å ta stilling til et forslag som gjelder kommunens eller fylkeskommunens virksomhet, dersom minst 2 prosent av innbyggerne, alternativt 300 i kommunen eller 500 i fylket, står bak forslaget.

2.    Kommunestyret eller fylkestinget skal ta stilling til forslaget senest 6 måneder etter at det er fremmet. Initiativtakerne skal informeres om de avgjørelser som treffes og de tiltak som gjennomføres som følge av forslaget.

3.    Et forslag med samme innhold kan ikke fremmes to ganger i løpet av samme valgperiode. Et forslag kan heller ikke settes frem på nytt før det er gått fire år siden forslaget sist ble fremmet.

4.    Et forslag som er fremmet etter reglene i denne paragraf og som blir nedstemt i kommunestyret eller fylkestinget, kan ikke påklages med mindre dette følger av andre regler".

Kven kan komma med initiativ?
Initiativ kan takast av enkeltpersonar som er registrert som innbyggjarar i kommunen. Minst 2 prosent av innbyggjarane må støtta initiativet. Dette må kunna dokumenterast, helst i form av underskrifter. Det er ikkje krav om statsborgarskap, røysterett eller ein bestemt alder, berre at dei er registrert busett i kommunen. Det er opp til kommunen sjølv å vurdera kor streng ein skal vera m.o.t. korleis tilslutninga frå andre skal dokumenterast.

Kva typar saker kan det takast initiativ i?
Forslaget som vert tatt opp må gjelda kommunen si verksemd, d.v.s. kommunen sitt arbeidsområde i vid forstand. Det gjeld både kva kommunen faktisk driv med eller kan driva med, både lovpålagde oppgåver og andre oppgåver.

Ein har ikkje rett til behandling av innbyggerinitiativ i saker som har samme innhald som andre forslag som ligg til behandling, eller som tidlegare har vore behandla i kommunestyret i samme valperiode, og heller ikkje før det er gått fire år sidan sist forslaget blei fremja. Dersom kommunen selv ønskjer det, kan ein sjå bort frå disse føringane.

Korleis vert initiativ behandla av kommunen?
Krav om å ta opp saker skal sendast kommunen, og der ein viser til kommunelova § 39 A. Saken vil deretter bli lagt fram for kommunestyret etter behandling i administrasjonen eller formannskap/hovudutval.

Kommunestyret/fylkestinget skal innan 6 månader;

  1. fatta eit konkret vedtak
  2. vedta at eventuell vidare behandling av forslaget skal skje i administrasjonen eller andre politiske organ
  3. vedta at saka skal samordnast med behandling av kommuneplan, andre overordna planar, økonomiplan, budsjett o.l. Dette er aktuelt når saka t.d. vedrører samansette tilhøve med omfattande konsekvensar

Det er nok at saka er behandla i kommunestyret, og at det er fastsett korleis saka skal behandlast vidare.

Dei som har framsett initiativet skal informerast om dei avgjersler som vert tatt og dei tiltak som vert gjennomført som følgje av forslaget. Føresentnaden er at initiativtakarane har oppgitt kven som er talsperson/ar for initiativet, og at det er nok å informera desse.

Initiativtakarane har ikkje krav på eit gitt utfall av saka. Forslag som er sett fram gjennom innbyggerinitiativ og som blir nedstemt i kommunestyret eller fylkestinget, kan derfor ikkje påklagast med mindre dette følgjer av særlege reglar.

Sjå elles KRD sitt rundskriv H-18/03.

 
Publisert av Anne Grete Møklebust. Sist endra 18.11.2009
Fant du det du leitte etter?
Relaterte artiklar (1)
 
Login for redigering