Olaug Norenes Hovda

Olaug Norenes Hovda (54) er tilsett som ny rektor ved Våge skule frå 01.08.18. Ho bur i Haugesund, men har fritidsbustad på Lykling.

Røyksund bru snorklypp

- Sjå til Bømlo. Lær av Bømlo! Jon Askeland, leiar av utval for miljø og samferdsel i Hordaland fylkeskommune, var både imponert og raus i omtalen då han saman med Bømlo-ordførar Odd Harald Hovland og regionvegsjef Helge Eidsnes opna heile fem Bømlopakke- og vegutbetringsprosjekt frå heilt nord til heilt sør i kommunen.

Folkehelseundersøking 2018

Korleis har du det og korleis trivst du i nærmiljøet ditt? Dette er noko av det om lag 70 000 hordalendingar blir spurde om i den største folkehelseundersøkinga som er gjennomført i Hordaland.

 

HKH-rapport rus blant ungdom

Kva rusmiddel brukar ungdommen på Bømlo? Kor mykje rusar dei seg? Kor får dei tak i rusmidla? Dette var spørsmål Bømlo kommune satte seg ned for å finne ut av i januar 2017 og brukte store deler av 2017 til å finne svara. Rett før påske blei resultatet av undersøkinga presentert på Erevik Grendatun. 

Vatn Siggjo

Innan 1. juli 2018 skal alle vassforsyningssystem vere registrert hos Mattilsynet. Dette gjeld og dei som er små, til dømes ein brønn som forsyner to hus med drikkevatn.

Trafikklyset - maskot

Onsdag 11. april vert ein hektisk dag for Lyset, maskoten til Trygg Trafikk, som skal vere med på fire vegopningar i bømlapakke- og vegutbetringsprosjekt på fylkesvegar i Bømlo. 

Opningskø nye HSD handlesenter

"Folk på Bømlo – ein festdag for kommunen" har arbeidsgruppa bak den storstila aktivitetsdagen i sentrum i slutten av mai.

Framside veteranplan

6. april i år vil Forsvaret markera at det er 40 år sidan de første norske FN-soldatane tenestegjorde i Sør-Libanon i UNIFIL-styrkene. Bømlo kommunestyre vedtok 19. mars i år Kommunal handlingsplan for anerkjenning og ivaretaking av veteranar.

 

Vaksinering

Helsemynde i Norge oppmodar nå alle som ikkje er vaksinerte om å vaksinere seg mot meslinger. Dette gjeld personar som ikkje har følgt vaksinasjonsprogrammet og tatt MMR-vaksine (der meslinger er ein del). Det gjeld òg personer fødd mellom 1960 og 1969 som ikkje veit om dei har hatt meslinger, og som ikkje er vaksinerte.

BTI-presentasjon Stord

- Ser du noko teikn til eller føler uro for eit born så ikkje sjå forbi det, men gjer noko med det, var SLT-koordinator Stian Olderkjær i Bømlo kommune si klåre oppmoding. Saman med kollegane frå Stord og Fitjar presenterte han den nye web-baserte BTI-rettleiaren for presse og dei tre ordførarane onsdag.

Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering