Skulemiljøknapp kvadrat

Grunnskulane i Bømlo har no fått ein  knapp på nettsidene sine kalla "Meld frå om skulemiljø". 

SVORTLAND Jan Westermoen Bømlo pensjonistforening

Folkemøte om stadanalysen og miljøgate i Svortland sentrum trekte fullt hus i kommunestyresalen onsdag kveld. - Det er viktig at me får ein heilskap i planarbeidet og ein god prosess vidare der både innbyggjarane, politikarane og administrasjonen har eit eigarskap til utviklinga av sentrumet vår, opna rådmann Geir E. Aga. 

2017 verdensdag psykisk helse_Marianne Steinsvåg Tollaksvik-Ingrid Bruun-Isabel Ådnanes_SKS.jpg

- Veldig sterkt. Det får oss til å tenkja, var elev Marianne Steinsvåg Tollaksvik sin reaksjon etter å ha høyrt føredraget "Frå erkefiende til bestevenn".

Gravid kvinne

Alle cellene og organa til barnet blir påverka dersom mor drikk alkohol under svangerskapet. Mykje alkohol gir store skadar. Kor lite som skal til for å skade utviklinga til fosteret, er usikkert. Derfor er det godt alkovett å vere heilt avhaldande gjennom heile svangerskapet. 

Nettverksmøte om MF Strand

Industrivernnettverket på Bømlo inviterte brannsjef og rådmann til møte om fergebrannen ombord i MF Strand. Brannen oppstod mens ferga lå i dokk på Rubbestadneset og ble så omfattende at bare dokken lot seg berge. Hele bygda ble evakuert i mange timer da faren for dieselbrann var overhengende. 

Opning av KulNatur 2017.png

 

 

Fredag 8.september var det opning av appen vår KulNatur i Sønstabøvågen. 5.-7. klasse hadde flott program med tale, gjester og kake. Etter opninga kunne alle prøve ut den nye appen vår og gå løypa saman med elevane våre. Appen er open for alle, og me håpar at mange lastar ned appen KulNatur og tek turen til Sønstabø for å sjå kva elevane våre har jobba med. Du kan lese meir om prosjektet her: (PDF, 598 kB)

Solarium -.jpg

- Bømlo kommune vil ta del i tilsynskampanjen som Statens strålevern i haust sett i verk for å sikre at dei som driv med solarieverksemd følgjer lovkrava. Denne nasjonale tilsynskampanjen er for å verne mot skadeleg stråling og førebyggje ei kreftform som tek livet av unge menneske, opplyser kommunelege Kjersti Follesø.

hundenettside

Frå og med måndag 21. august kan hundeeigarar gå med hunden laus då den generelle båndtvangen i heile landet vert oppheva.

Samfunnsplanleggjar

1. august starta Alf Helge Greaker i sin nye jobb som samfunnsplanleggjar i Bømlo kommune. Sosial-antropologen med spesialisering innan urbanisering og samfunnsutvikling gler seg til å bli betre kjend med kommunen og innbyggjarane.

Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering