Koronavirus - info 53 42 30 01. Kommunal infoside

Øyvind Ørjansen tek første spadetak 22. september med minigravaren på tomta der dagsturhytta i Bømlo kommune skal stå klar vonaleg i løpet av oktober månad.

Flytskjema barn luftvegssymptom

Folkehelseinstituttet har gitt ut rettleiing til foreldre, barnehagepersonell og lærarar om skule- og barnehagebarn med nyoppståtte luftvegssymptomer. Rettleiaren gjeld kva tid skal dei vere heime frå barnehage/skule, og når skal dei testast for covid-19.

Festbord

Årets konfirmasjonsførebuingar og sjølve festdagen er annleis enn kva som har vore vanleg. Skal du ha konfirmasjonsfesten privat er det inntil 20 personar og ein meter mellom gjestene. I forsamlingslokale med ansvarleg arrangør kan det vere opptil 200 personar.

WWF Tv-aksjon 2020

Havet er fantastisk. Det er lungene til jorda, og det har gjeve liv til alt levande på planeten vår. Men no er havet truga. Åtte millionar tonn plast hamnar i havet, kvart einaste år. Plasten trugar ikkje berre dyrelivet, men også oss menneske. Med konkrete tiltak der problema er størst skal årets TV-aksjon ta plastproblemet ved rota. 

Smittevernlege Kjersti Follesø

Ei rekke kommunar i Vestland har råda innbyggjarane frå å reise til Bergen. Helse Bergen presiserer at det er framleis trygt å vere pasient på sjukehusa i Bergen, og det er viktig at ein ikkje utset naudsynte kontrollar, utgreiingar eller behandlingar av frykt for smitte. - Bømlo vil oppmode sine innbyggjarar til å vurdere nøye om ei reise til Bergen er naudsynt, så lenge det er ein uavklart smittesituasjon, seier smittevernlege Kjersti Follesø.

Prøvetaking legeaboratorium

Bømlo kommune tilbyr testing til alle som kan ha blitt utsett for smitte av hepatitt C, ein virussjukdom som kan skade levera. Dette blir gjort med ein blodprøve.  

Liten gut og bamse

Sunnhordland interkommunale barnevernteneste, Bømlo, Fitjar og Stord (SIB) – er organisert med Stord som vertskommune og tenestestad. Me søkjer etter besøksheimar, støttefamiliar og fritidskontakter.

Skjermbilde utanlandske turistar Covid-19

Bømlo kommune får ei rad spørsmål om turistar som er på rorbuferie på Bømlo, ikkje minst utanlandske no når dei fleste land i Europa er raude. Smittevernreglane er klare, og både turistane sjølve og utleigarar har ansvar for at reglane vert fulgt.

Testampull korona

Stord kommune meldar at ein elev ved idrettslinja ved Stord vidaregåande skule har testa positivt, og kommunen er i gang med smitteoppsporing. Dersom det er personar som er busett på Bømlo blant desse, vil også dei bli kontakta. 

Kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter på talarstolen KST

- Eg har møtt media, ordføraren og dei andre kommunalsjefane på rådhuset, elles har eg ikkje fått utretta så mykje enno. Men det vert kjekt å kome i gang, møte dykk og sjå korleis de jobbar, helsa kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter då han presenterte seg for Utval for Næring, innovasjon, idrett og kultur i dag.

Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering