Helsefremjande nærmiljø - eit nasjonalt folkehelseprosjekt

Helsefremjande nærmiljø heiter den nye, nasjonale storsatsinga som skal gje meir kunnskap om kva folk meiner bidrar til betre folkehelse i nærmiljøa. Totalt er åtte fylke og 40 kommunar med. I Hordaland deltek kommunane Askøy, Bømlo, Fjell og Stord.

Helsefremjande nærmiljø (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

Pris for involvering

– Det som vart framheva som unikt ved Bømlo, er kommunen sin bruk og involvering av grendautvala og deira vidare prosess ut mot innbyggjarane i bygda si. Under konferansen kom det klart fram at mange andre kommunar misunte oss grendautvala våre.

 

Dette uttala folkehelsekoordinator Anne-Beth Njærheim til Bømlo-nytt etter den nasjonale folkehelsekonferansen i Oslo nyleg der Bømlo kommune vart tildelt pris for sitt arbeid med det nasjonale nærmiljøprosjektet for fremjing av folkehelse. Prisen var eit diplom og ein sjekk på 5.000 kroner. Kommunen samarbeidar med Høgskulen på Vestlandet, og det var eit kort tiltaksabstract med oppsummeringa av prosjektarbeidet prisen gjaldt.

 

Les meir om storsatsinga i desse artiklane:

Storsatsing på betre folkehelse i nærmiljøa

Stort engasjement for bygda

Helsefremjande nærmiljø

 

 
Prisutdeling på Folkehelsekonferansen 2017. (Bømlo-nytt) - Klikk for stort bilete
Sist endra 08.11.2017 09:51
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 30 58
Mobil:
481 72 775
Tittel:
folkehelsekoordinator
Bunnhjørne
 
Login for redigering