Kunngjeringar - ny
Strandforsøpling
(12.04.2017)

Bømlo kommune er medlem i Friluftsrådet Vest i Sunnhordland og planlegg ein strandryddeaksjon på datoane 28.04 til 02.05.17 der kommunen ved ordførar Odd Harald Hovland oppmodar alle til å delta.

Sønstabøvåg 104 - 5
(07.04.2017)

Kommunestyret vedtek med heimel i Plan‐ og bygningslova § 12‐3 privat detaljreguleringsplan for fritidsbustad‐ og naustområde med tilhøyrande småbåtanlegg, kai, trafikkareal og parkeringsplassar på gnr. 104, bnr. 5 m.fl. i Sønstabøvåg i Bømlo datert 27.10.2016 med tilhøyrande reguleringsføresegner.

(06.04.2017)

Mattilsynet har sendt ut pressemelding med oppmoding om hjelp til overvaking av fugleinfluensa då trekkfuglane frå Sentral-Europa no kjem til Norge. Folk som ferdast langs sjø og vatn og våtmarksområder må informera Mattilsynet ved funn av sjuke eller døde fuglar. Typen av fugleinfluensa som herjer i Sentral-Europa er ikkje farlig for menneske, men er dødelig for både ville og tamme fuglar.

Johannes Kleppevik
(06.04.2017)

Kvart år vert det delt ut ein minnepris frå stiftinga Johannes Kleppevik sitt minnefond som går til einskildpersonar, lag eller organisasjonar som på ein framifrå måte har fremja kystkulturen i Hordaland. Frist for å koma med framlegg er 1. mai.

Naust og fritidsområde Klubbo.jpg
(27.03.2017)

Oppstartsmelding for privat detaljreguleringsplan for naust- og fritidsbustadområde Klubbo, gnr/bnr 66/20 m.fl., Goddo, Bømlo kommune (Planid: 201606). 

Akvakultur Andal - Feøy
(23.03.2017)

NRS Feøy AS søkjer om utviding av lokalitet for oppdrett av laks og aure ved Andal.

 

Karihavet - 201607
(20.03.2017)

Framlegg til privat detaljreguleringsplan fritidsbustadområde Karihavet 101/13 m.fl. Meling planid 201607 vert lagt ut til offentleg gjennomsyn med merknadsfrist 8. mai 2017 etter vedtak i Utval for areal og samferdsel 08.03.2017 sak 21/17. 

Kvednahaugen - 201308
(20.03.2017)

Utval for areal og samferdsel har i møte 08.03.2017 sak 22/17 gjort vedtak om at privat detaljreguleringsplan
for bustadområde 101/12 m.fl. Meling planid 201308 vert lagt ut til offentleg gjennomsyn med merknadsfrist 8. mai 2017.

Næringsområde Hollundsdalen.jpg
(16.03.2017)

Med heimel i plan- og bygningslova § 12-8 vert det med dette meldt at Gøtz AS  på oppdrag for KS Sambygg set i gong arbeid med detaljregulering for å utvida næringsområdet i Hollundsdalen, gnr. 87, bnr. 20 m.fl. (PlanID: 201101). 

Planskildring FV541 Sakseid-Hestaneset
(03.03.2017)

Bømlo kommunestyre har i møte 13.02.2017 SAK 4/17 i medhald av Plan- og bygningslova § 12-3 vedteke reguleringsplan for FV 541 Sakseid-Hestaneset. Det er gjort ein teknisk endring i plankartet ved at manglane siktsoner er lagt inn. Det same er avkjørsel til gnr.5,bnr.4. Opplistinga i §1 i reguleringsføresegnene retta opp.

Plankart Øyersberget
(01.03.2017)

Detaljreguleringsplan for fritidsbustader Øyersberget 59/122 og 123 m.fl. Vorlandsvåg planid 201604 er vedteken av kommunestyret 13. februar 2017.

Berit Morlandstø_ verksemdleiar tenestekontoret.jpg
(10.02.2017)

Det er gjort ei lovendring som presiserer retten til opphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad særleg tilrettelagt for heildøgnstenester, kriterier og ventelister, gjeldande frå 17.06.16. Bømlo kommune sender med dette ut førehandsvarsel om oppstart av arbeidet med kommunal forskrift for rett til opphald i sjukeheim m.m.

 

Budsjettframside 2017
(18.01.2017)

Bømlo kommunestyre vedtok budsjettet for 2017 og velferdsplan 2017-2020. Dei fastsette også samrøystes 2017-årsavgiftene for feiing og tilsyn, slam og renovasjon. Gebyr for vatn og avlaup, oppmåling, deling, byggjesak, plansak og kommunal kaileige vart også vedtekne

SvarUT
(02.01.2017)

Bømlo kommune ynskjer å kommunisera på nett med innbyggjarar og verksemder/organisasjonar i kommunen.

Ørevik - 201511_Plankart.jpg
(19.12.2016)

Privat detaljreguleringsplan for naustområde med tilhøyrande småbåtanlegg, kai, flytebrygge og parkeringsareal på gnr. 33, bnr. 47 og 48 m.fl. Ørevik, Foldrøyhamn i Bømlo datert 04.10.2016 med tilhøyrande reguleringsføresegner revidert 18.10.2016 vart samrøystes vedteke av kommunestyret 5.12.16.

Kruneneset - 201505_Plankart.jpg
(19.12.2016)

Privat detaljreguleringsplan for fritidsbustader og naustområde med tilhøyrande tilkomstveg, parkeringsareal og småbåtanlegg på gnr. 64, bnr. 1 m.fl. Kruneneset på Goddo i Bømlo datert 25.10.2016 med tilhøyrande reguleringsføresegner revidert 25.10.2016 vart samrøystes vedteke av kommunestyret 5.12.16.

 

Brandasund næringsområde
(19.12.2016)

Privat detaljreguleringsplan for næringsområde Brandasund gnr. 155, bnr. 24 og 28 m.fl. datert 04.05.16 og med reguleringsføresegner datert 15.09.16. vart samrøystes vedteke av kommunestyret 5.12.16.

Vedtekne reguleringsplanar desember 2016
(14.12.2016)

I siste kommunestyremøte før jul vart tre reguleringsplanar vedtekne. Det gjeld næringsområde Brandasund gnr. 155, bnr. 24 og 28 m.fl. planid 201503, fritids- og naustområde Kruneneset gnr. 64, bnr. 1 m.fl. på Goddo planid 201505 og naustområde Ørevik gnr. 33, bnr. 47 og 48 m.fl. Foldrøyhamn planid 201511.

 

(07.12.2016)

Høyringsutkast - Planprogram kommunedelplan oppvekst 2017-2021 er vedteke lagt ut til offentleg gjennomsyn med merknadsfrist 21. desember 2016.

Kvednahaugen
(05.12.2016)

Med heimel i plan- og bygningslova § 12-8 vert det med dette meldt at Gøtz AS  på oppdrag for Bømlo Mesterbygg AS, set i gong arbeid med detaljregulering for Kvednahaugen, del av gnr.101 bnr.12 m.fl., Meling, Bømlo kommune (PlanID: 201308).
 

Synfaringspersonell
(02.12.2016)

Bømlo kom­mune vil i løpet av dei komande månadane desember - februar gjennomføra synfaring av alle eige­domar som skal takserast for 2017, melder Eigedomsskattekontoret. 

Holmesjøen II
(01.12.2016)

I samsvar med §12-8 i plan-og bygningslova, og etter vedtak i Utval for areal og samferdsel, Bømlo kommune, 16.11.16, vert det med dette meldt om oppstart av detaljert reguleringsplan for fritidsbustader Holmesjøen II, del av gnr. 42 bnr. 6, Holme, planid 201613 i Bømlo kommune.

Verkstaden Kvernenes
(29.11.2016)

I samband med Plan- og bygningslova §12.1 og §12.8 varslast det hermed om oppstart av privat reguleringsarbeid forbustad, naust- og næring Verkstaden Kvernenes 151/8 m.fl. planid 201605.

Sønstabøvåg 104 - 5
(28.11.2016)

Utval for areal og samferdsel har i møte 16.11.2016 sak PS 144/16 vedteke å leggje ut framlegg til detaljreguleringsplan for naustområde Sønstabøvåg gnr. 104, bnr. 5 m.fl. Sønstabø i Bømlo datert 27.10.2016 med tilhøyrande reguleringsføresegner til offentleg gjennomsyn i samsvar med Plan og bygningslova §12-10.

Ramsneset naustområde revidert
(24.11.2016)

Utval for areal og samferdsel har i møte 16.11.2016 sak PS 147/16 vedteke å leggje ut framlegg til revidert detaljreguleringsplan for naustområde Ramsneset gnr. 82, bnr. 40 m.fl. Rubbestadneset i Bømlo datert 26.10.2016 med tilhøyrande reguleringsføresegner til offentleg gjennomsyn i samsvar med Plan- og bygningslova §12‐10.

Barnefattigdom
(22.11.2016)

Barne-, ungdoms og familiedirektoratet (BUF) deler etter søknad ut midlar til lag og organisasjoner for å motverke barnefattigdom. Målet med ordninga er at ein skal motverke og/eller dempe konsekvens av fattigdom blant barn og ungdom. Søknadsfrist er fredag 2. desember.

Tressvik - endra plankart
(14.11.2016)

Bømlo kommunestyre oppheva kommunestyrevedtaket av 20.06.2016 i sak PS 62/1 og tek klagen frå Tony Andre Bang Hidle til fylgje. Kommunestyret vedtok med heimel i Plan‐ og bygningslova §12‐3 privat detaljreguleringsplan for bustad‐ og fritidsbustadområde Tressvik gnr. 14, bnr. 27 m.fl. i Grindheimsvåg datert 13.09.2016 med tilhøyrande reguleringsføresegner.

Straumen II - erstattar
(14.11.2016)

Kommunestyret vedtek med heimel i Plan‐ og bygningslova §12‐3 privat detaljreguleringsplan for omregulering av naust til fritidsbustad i hyttefelt Straumen 2, erstattar delar av R‐116, gnr. 94, bnr. 377 og 378 samt delar av gnr. 94, bnr. 6 Straumen i Bømlo datert 04.02.2016 med tilhøyrande reguleringsføresegner revidert 21.09.2016.

Framside rådmannsforslag budsjett 2017
(09.11.2016)

"God folkehelse – grunnlag for Det gode liv" er tittelen på rådmann Geir E. Aga sitt framlegg til budsjett 2017 - Velferdsplan 2017-2020 som vart lagt fram i Kulturhuset i dag klokka 10.00. Formannskapet skal handsama budsjettframlegget 15. november og gje innstilling til kommunestyret som gjer endeleg vedtak i budsjettmøtet 12. desember.

Politisk møteplan november 2016
(09.11.2016)

I perioden 10. til 24. november vert det halde formannskaps- og utvalsmøter i Bømlo kommune. Møta er opne for publikum. Klikk på bilete for tid og stad.

Vedtekne reguleringsplanar november 2016
(09.11.2016)

Kommunestyret i Bømlo har i møte 31.10.2016 sak PS 98/16 og 99/16 vedteke reguleringsplan for bustadområde Kattaholet gnr. 83, bnr. 37 m.fl. i Rubbestadneset planid 201407 og reguleringsplan for bustad- og fritidsbustadområde Tressvik gnr. 14, bnr. 27 m.fl. i Grindheimsvåg planid 201509. 

Kattaholet bustadområde
(09.11.2016)

Kommunestyret i Bømlo har i møte 31.10.2016 sak PS 98/16 og 99/16 vedteke reguleringsplan for bustadområde Kattaholet gnr. 83, bnr. 37 m.fl. i Rubbestadneset planid 201407. 

HPV-vaksine
(02.11.2016)

 Alle kvinner fødd i 1991 og seinare får frå hausten 2016 tilbod om gratis vaksine mot humant papillomavirus (HPV-vaksine). Vaksinen er tilrådd unge kvinner for å førebyggje livmorhalskreft og førestadium til livmorhalskreft forårsaka av HPV-infeksjon. Kvinner i målgruppa som bur eller oppheld seg i Bømlo kommune vil få tilbod om vaksinasjon ved Bremnes  helsestasjon.

KST-møte 31.10.16
(26.10.2016)

Bømlopakken II med bomring i Svortland sentrum står på sakskartet til kommunestyret som har møte i storsalen i Bømlo kulturhus måndag 31. oktober kl. 18.00. Dette møtet vert ikkje direkteoverført på våre nettsider, men er sjølvsagt ope for publikum.

Vaksinering
(17.10.2016)

Helsetenesta i Bømlo er frå neste veke  klar med haustens influensavaksinering på Bremnes, Moster og Langevåg. Nytt av året er at vaksinering i den første veka på Bremnes vert på Svortland skule.

Norges Vel grunderpris 2017
(14.10.2016)

Norges Vel etterlyser kandidatar til Gründerprisen 2017. Kjenner du nokon som har gjort ein spesiell innsats i eige lokasamfunn, organisasjon eller bedrift? Fristen for å melda inn kandidatar du meiner fortener denne prisen er 15. november 2016.

Øyersberget fritidsbustadar
(11.10.2016)

Framlegg til privat detaljreguleringsplan fritidsbustader Øyersberget 59/122 og 123 m.fl. Vorlandsvåg med planid 201604 er vedteken lagt ut til offentleg gjennomsyn med merknadsfrist 26.11.2016.

Kart Fv.23 Tverråna - Alvsvågkrysset
(19.09.2016)

Statens vegvesen og Hordaland fylkeskommune skal i samarbeid med Bømlo kommune i gang med å lage ein detaljreguleringsplan Fv.23 Tverråna-Alvsvågkrysset.

Bøvågen Mosterhamn - endring
(14.09.2016)

Framlegg til endring i detaljreguleringsplan for fritidsbustader og naust Bøvågen gnr. 14, bnr. 10 m.fl. Mosterhamn i Bømlo datert 06.11.2015 med tilhøyrande reguleringsføresegner vert i medhald av plan‐ og bygningslova §12‐10 vedteke utlagt til offentleg gjennomsyn.

Gamlestraumen Steinsvåg
(07.09.2016)

Revidert varsel om oppstart av detaljregulering for Gamlestraumen, Steinsvåg, g.nr 124, b.nr 4, 60 m.fl.

Møteplass A
(30.08.2016)

«Møteplass A» er eit tilbod til personar som no går ledige men som kan tenkje seg å starta eiga bedrift. Atheno held første samling i Kunnskapshuset på Stord torsdag 1. september.

Hefte om blågrønnalger
(19.08.2016)

BVA har vore på ein vernerunde og oppdaga då eit grønt lag i ei bukt i Storavatnet. I oktober i fjor vart det åtvara mot oppblomstring av blågrønnalger i Storavatnet. Då dette er årstida for slik oppblomstring går kommuneoverlegen no ut med ei generell åtvaring.

Skulestart 2016
(17.08.2016)

Torsdag 18. august startar grunnskulane i Bømlo opp skuleåret 2016-2017. Me ynskjer alle våre vel 160 nye førsteklassingar særskild velkomen. Under finn de oppstartstidspunkt for dei ulike skulane.

Solarium -.jpg
(27.07.2016)

Alle som tilbyr bruk av solarier skal frå 1.1.2017 ha eit tilfredsstillande system for alderskontroll og skal vere registrerte hjå Statens strålevern. Frå 1. januar i år vart det også krevd at ansvarleg for dagleg drift av solariet samt tilsette med kundekontakt skal ha bestått kunnskapsprøva "Solarieprøven".

St. Hans bål
(13.06.2016)

Brannsjefen har no oppheva totalt bålforbod i heile kommunen. 

Politiske møter i mai 2016
(26.05.2016)

Formannskapet har møte tysdag 31. mai der mellom anna høyringsuttale om skulebruksplanen til Hordaland fylkeskommune 2017-2030 og skjenkeløyve til Gamleposten 5444 på Espevær står på dagsorden. Det vert også eigarsamtalar med Viergo, BVA og BKE. Hovudutvala og naturbruksutvalet held også møter komande veke. Møta er opne for publikum.

Legeferie 2016
(26.05.2016)

Her finn du informasjon om legane si ferieavvikling denne sommaren. Hugs å tinga medisin i god tid før fastlegen din går på ferie.

Næringsrapport skatt til infoskjerm.jpg
(23.05.2016)

Næringsrapport skatt er eit av Skatteetaten sine tiltak for forenkling for næringslivet. Skatteetaten tilrår at næringsdrivende tek i bruk Næringsrapport skatt i år, dersom denne passar for bedriften. 

Aravikjo i Ytre Håvik
(10.02.2016)

Melding om oppstart av detaljert reguleringsplan for Aravikjo, Ytre Håvik, gm. 8 bm. 67 m.fl. Planområdet utgjer i alt ca. 28 da. på land og i sjøen. Merknadsfrist er seks veker. 

Flyktningar i Colombia
(20.01.2016)

Det har synt seg eit stort behov for informasjon i kommunane i samband med asyl- og flyktningesituasjonen landet no står ovanfor. 

(14.01.2016)

Bømlo kommune legg ut planar til offentleg høyring og gir publikum høve til å nytta seg av svarmodulen Offentlege høyringar - svarskjema for å kome med innspel.

Fortau Idrettsvegen Leite Aust - oversiktskart
(25.09.2015)

Utval for areal og samferdsel har i møte 02.09.2015 sak PS 135/15 gjort vedtak om at reguleringsplan for fortau Idrettsvegen Aust, gnr. 109, bnr. 2, 268, 341, 347 m.fl., Leite (Planid 201413) vert lagt ut til offentleg ettersyn i samsvar med Plan og bygningslova §12-10. 

Tressvik
(17.06.2015)

Med heimel i plan- og bygningslova §12-8 vert det med dette meldt at Gøtz AS  på oppdrag for Emma Løkling m.fl. set i gong arbeid med detaljregulering for bustad- og fritidsområde Tressvik, gnr.14 bnr. 27 m.fl., Bømlo kommune. 

(02.06.2015)

Bømlo legekontor er for tida uten lege. Det vil vera sjukepleiar tilstades kvar mandag og onsdag - utanom i perioden 6. juli - 2. august. Ved behov for legetime, ta kontakt med Bremnes legesenter på tlf.nr. 53 42 33 11.

Svartabrotet naustområde
(11.02.2015)

Med heimel i plan- og bygningslova § 12-8 vert det med dette meldt at Gøtz AS  på oppdrag for Odvar og Gro Grindheim, set i gong arbeid med detaljregulering for Svartabrotet, del av gnr. 14 bnr. 38, Grindheimsvåg, Bømlo kommune.

Nytt næringsområde Hollundsdalen
(23.01.2015)

Reguleringsplan for nytt næringsområde i Hollundsdalen del av gnr. 87, bnr. 3 planid 201411 vart vedteke av kommunestyret 8. desember 2014 i sak PS 104/14.

Fant du det du leitte etter?
Kunngjeringar
 
Login for redigering