2. gongs høyring - naustområde Ramsneset 82/40

Utval for areal og samferdsel har i møte 16.11.2016 sak PS 147/16 vedteke å leggje ut framlegg til revidert detaljreguleringsplan for naustområde Ramsneset gnr. 82, bnr. 40 m.fl. Rubbestadneset i Bømlo datert 26.10.2016 med tilhøyrande reguleringsføresegner til offentleg gjennomsyn i samsvar med Plan- og bygningslova §12‐10.

Naustområde Ramsneset 82/40 revidert plankart. (Gøtz AS) - Klikk for stort bilete

Forslagsstillar Randi Espeland m.fl. ynskjer å leggja fram eit forslag til reguleringsplan for gnr.82 bnr.40 m.fl., Ramsneset, Bømlo kommune. Det vart sendt inn prinsippsøknad for å melde oppstart av planarbeid 15.05.2015, som vart godkjend 18.05.2015. Plangrensa er sett i samråd med kommunen. Planområdet utgjer totalt ca. 4,3 daa.


Føremål

Føremålet med reguleringsplanen er å regulere til 8 naust med tilhøyrande kai, småbåtanlegg og friområde. Eigarar av nausttomtane bur i direkte tilknyting til naustområde og ynskjer no å kome i gang med etablering av naust på sjøtomtane sine.


Planen er vurdert i høve til forskrift om konsekvensutgreiing, og planetaten i Bømlo kommune har konkludert med at planen ikkje skal konsekvensutgreiast. Planarbeidet vil spesielt kaste lys over følgjande problemstillingar: Utnytting og bruk av området og fastsetting av formålsgrenser. I gjeldande kommuneplan er området vist som naustområde med krav til reguleringsplan.

 

Planområdet ligg på Rubbestadneset i Bømlo kommune, og omfattar eigedomane gnr.82, bnr. 27, 33, 40, 51, 61 og delar av bnr.1.

 

Følgjebrev vedtak (PDF, 120 kB)

Vedtak om offentleg høyring (PDF, 274 kB)

Føresegner (PDF, 558 kB)

Illustrasjonsplan revidert (PDF, 324 kB)

Plankart revidert (PDF, 547 kB)

Planomtale (PDF, 623 kB)

 

Merknadsfrist er satt til 17. januar 2017

 

Me gjer merksam på at det er mulig å koma med merknadar til høyringsdokumentet digitalt her:
 

Offentlege høyringar - svarskjema.

 


Du kan og kome med merknadar ved å senda dei til:

Bømlo kommune
Rådhuset,
Leirdalen 1
5430 Bremnes
 

eller
 

postmottak@bomlo.kommune.no innan 17.1.17.

Sist endra 28.11.2016
Fant du det du leitte etter?
Kunngjeringar

Kontakt

Telefon:
53 42 31 56
Tittel:
Sakshandsamar plan
Bunnhjørne
 
Login for redigering