Algeoppblomstring i vatn

Grønalger i Storavatnet - Klikk for stort bilete

BVA har vore på ein vernerunde og oppdaga då eit grønt lag i ei bukt i Storavatnet. I oktober i fjor vart det åtvara mot oppblomstring av blågrønnalger i Storavatnet. Då dette er årstida for slik oppblomstring går kommuneoverlegen no ut med ei generell åtvaring.

Informasjonsfaldar frå Folkehelsa om blågrønalger. (Folkehelsa) - Klikk for stort bilete

- Oppblussing av slike bakteriar er vanleg, og aukar med aukande temperatur i vatnet og med god tilgong til næringsstoffer (forureining). Det er ikkje tilrådd å bade, fiske eller drikke frå vatn kor det er oppvekst av slike bakteriar, opplyser kommuneoverlege Kjersti Helen Follesø.


Blågrønnalger er eigentleg ei gruppe bakteriar som kallast cyanobakteriar. Nokre av desse cyanobakteriane produserar toksinar (giftstoffer) som kan vere skadelege for dyr og menneske, og som kan føre til fiskedød dersom det er store mengder i vatnet.


Det er no funne cyanobakteriar i Selevatnet og, og ein kan ikkje utelukke at dei kan finnast i fleire vatn. Oppblussing av slike bakteriar er vanleg, og aukar med aukande temperatur i vatnet og med god tilgong til næringsstoffer (forureining).


Det er ikkje tilrådd å bade, fiske eller drikke frå vatn kor det er oppvekst av slike bakteriar. Dersom vatnet ser grumsete, uappetitteleg eller misfarga ut, bør en halde seg på land, og ikkje ete fisk frå vatnet.


Sjå Folkehelseinstituttet (fhi.no) for nærare informasjon.
 

Fant du det du leitte etter?
Kunngjeringar
 
Login for redigering