Bompengesak i kommunestyret

KST-møte 31.10.16 - Klikk for stort bilete

Bømlopakken II med bomring i Svortland sentrum står på sakskartet til kommunestyret som har møte i storsalen i Bømlo kulturhus måndag 31. oktober kl. 18.00. Dette møtet vert ikkje direkteoverført på våre nettsider, men er sjølvsagt ope for publikum.

Bomring Svortland sentrum - Klikk for stort bilete

Sakskartet til kommunestyremøtet 31.10.2016

 

Forutan Bømlopakken II, der rådmannen føreslår bomring med fire bomstasjonar rundt Svortland, og bompengetak på mellom 800 og 1.100 kroner i månaden, er det ein del ndre saker som skal handsamast. Private detaljreguleringsplanar for Straumen, bustadområde Kattaholet i Rubbestadneset, og klage på vedteken reguleringsplan for bustad- og fritidsbustadområde Tressvik. Det vert og val og interpellasjon om trafikksikker skuleveg på Moster.

Sist endra 26.10.2016
Fant du det du leitte etter?
Kunngjeringar
 
Login for redigering