Bustadfelt Kvernahaugen - vedteken reguleringsplan

Kommunestyret har med heimel i Plan- og bygningslova §12-3 samrøystes vedteke privat detaljreguleringsplan for bustadområde Kvernahaugen gnr. 101, bnr. 12 m.fl. på Meling datert 06.02.2017 med tilhøyrande reguleringsføresegner. Ny veg i bustadfelt får namnet Kvernahaugen.

Vedteken reguleringsplan for bustadfelt Kvernahaugen på Meling (Bømlo Mesterbygg AS) - Klikk for stort bilete

Planen regulerer området til ca. 29 bustader (frittliggjande – og konsentrert) med tilhøyrande trafikk- og leikeareal. Plangrensa er sett i samråd med kommunen. Planområdet utgjer totalt ca. 28,0 daa. Planområde ligg på Meling og omfattar delar av eigedomane på gnr. 101 bnr. 12, 2, 116, 80 og 91.

 

Vedtak (PDF, 318 kB)

Følgjebrev (PDF, 165 kB)

Føresegner (PDF, 290 kB)

Plankart (PDF, 2 MB)

Planomtale (PDF, 3 MB)

VA-plan (PDF, 725 kB)

Illustrasjon (PDF, 891 kB)

 

Sist endra 17.10.2017 16:18
Fant du det du leitte etter?
Kunngjeringar

Kontakt

Telefon:
53 42 30 63
Mobil:
915 56 750
Tittel:
organisasjonssjef
Bunnhjørne
 
Login for redigering