Endring i lokal kontantstønadsordning

2018 vil vere det siste året det er høve til å få lokal kontantstønad til barn frå to til tre år. Det er klart etter at kommunestyret den 04.12.2017 gjorde eit vedtak om å endra den lokale kontantstøtteordninga i Bømlo kommune.

Kommunestyret i Bømlo gjorde (mot 11 røyster) følgjande vedtak:
1. Bømlo kommune vil stanse ordninga med kommunal kontantstønad for 2-åringar med verknad frå 01.01.19.

2. I perioden fram til 01.01.19 vert punkt 2 i Retningsliner for kommunal kontantstønad endra i tråd med dei statlege vilkåra.

 

2018 vil dermed vere det siste året det er høve til å få lokal kontantstønad til barn frå to til tre år, men med ei endring i punkt 2 i retningslinjene:

 
Vilkår knytt til stønadsmottakar

Kommunal kontantstønad blir tildelt til den barnet bur fast hos. Stønadsmottakar må vere folkeregistrert på Bømlo og ha vert medlem i folketrygda i minst fem år. Om barnet bur med begge foreldra må begge desse ha vore medlem i folketrygda i minst fem år og vere folkeregistrert i Bømlo kommune. Dersom foreldra har delt omsorg for barnet, vert barnet si folkeregistrerte adresse lagt til grunn.

 

Kontantstønad er pr i dag ei skattefri yting (kjelde: skattedirektoratet). Søkjar pliktar å melde frå dersom barnet byrjar i barnehage, eller flyttar frå Bømlo kommune.

 

Dette er ei harmonisering til den statlege kontantstøtteordninga for eitt til to-åringar.

 

Kommunalt søknadsskjema for kontantstønad

Sist endra 19.12.2017 15:59
Fant du det du leitte etter?
Kunngjeringar

Kontakt

Telefon:
53 42 30 55
Mobil:
957 50 151
Tittel:
rådgjevar oppvekst
Bunnhjørne
 
Login for redigering