Endringsframlegg Bøvågen

Framlegg til endring i detaljreguleringsplan for fritidsbustader og naust Bøvågen gnr. 14, bnr. 10 m.fl. Mosterhamn i Bømlo datert 06.11.2015 med tilhøyrande reguleringsføresegner vert i medhald av plan‐ og bygningslova §12‐10 vedteke utlagt til offentleg gjennomsyn.

Bøvågen Mosterhamn - endring (J. Tufteland AS) - Klikk for stort bilete

Endring1- Følgjebrev (PDF, 120 kB)

Endring1- Føresegner (PDF, 48 kB)

Endring1- Plankart med endringspkt. (PDF, 564 kB)

Endring1- Plankart (PDF, 561 kB)

Endring1- Planomtale ROS (PDF, 2 MB)

Endring1- Vedtak (PDF, 277 kB)

Endring1- Kart kommuneplan (PDF, 123 kB)

Endring1- Oversiktskart (PDF, 340 kB)

 

J. Tufteland AS v/Øystein Tufteland har på vegne av Svein Pedersen m.fl. sendt framlegg til endring i reguleringsplan for gnr. 14, bnr. 10 m.fl. Utval for areal og samferdsel gjorde samrøystes slikt vedtak:

1. I medhald av plan‐ og bygningslova §12‐14 vert det gjeve løyve til endring (r1) i reguleringsplan for fritidsbustader 201001 Bøvågen gnr. 14, bnr. 10 m.fl. Mosterhamn, vedteken i kommunestyret 26.09.2011. Reguleringsendring i samsvar med reguleringsplankart av 06.11.2015. Forslagsstillar skal melde oppstart av planarbeidet i samsvar med Plan‐ og bygningslova § 12‐8.


Endringa gjeld:

  • Utviding av tomt 14/156 mot nordvest.
  • Omregulering frå friluftsføremål til fritidsbustad.
  • Utviding av nausttomt 14/164 mot nord.
  • Omregulering frå friluftsføremål til naust.
  • Veg og parkeringsplass ved 14/156 er endra.
  • Gangveg mellom 14/156 og 14/144 ned til naustområde U/N/B 2.
  • Veg til FF5 (14/238).
  • Justert tilkomstveg til 14/145 og 14/151.
  • Tilkomstveg til U/N/B 1.
  • Kai ved U/N/B 1.
  • Snuplass ved 14/146.
  • Veg til 14/157 og 158 flytta til austsida av tomtene.
  • Utviding av tomt 14/145 mot sør.
     

2. Som ein del av arbeidet med detaljreguleringsplanen skal det i samsvar med sjekklistene vist i kap. 1.1. Beredskapsomsyn i kommuneplanen gjennomførast ein risiko‐ og sårbarhetsanalyse. Eventuelle tiltak og avbøtande tiltak skal innpassast i føresegnene til reguleringsplanen og takast omsyn til ved utbygging.


3. Plankartet og reguleringsføresegnene skal etter PBL § 2‐2 oppdaterast i samsvar med vedtekne reguleringsendringar.
 

Planstatus

Området er tidlegare regulert i planid 201001 reguleringsplan Bøvågen. Gjeldande plan er godkjent 26.09.11. Planen viser 11 fritidsbustader og 11 naust. Planområdet er totalt ca. 55 daa. 

 

Merknadar

Planframlegget er utlagt til offentleg gjennomsyn på Bømlo Rådhus i tida 17.09.2016 til 29.10.2016. Eventuelle merknadar vert å senda Bømlo kommune, Arealbruk, Rådhuset Leirdalen 1, 5430 Bremnes eller postmottak@bomlo.kommune.no innan 29.10.2016.

 

Me gjer merksam på at det er mulig å koma med merknadar til høyringsdokumentet digitalt her:
 

Offentlege høyringar - svarskjema.

Sist endra 14.09.2016
Fant du det du leitte etter?
Kunngjeringar

Kontakt

Telefon:
53 42 31 56
Tittel:
Sakshandsamar plan
Bunnhjørne
 
Login for redigering