Koronavirus - info 815 55 015. Kommunal infoside

Få gratis meslingvaksine

Helsemynde i Norge oppmodar nå alle som ikkje er vaksinerte om å vaksinere seg mot meslinger. Dette gjeld personar som ikkje har følgt vaksinasjonsprogrammet og tatt MMR-vaksine (der meslinger er ein del). Det gjeld òg personer fødd mellom 1960 og 1969 som ikkje veit om dei har hatt meslinger, og som ikkje er vaksinerte.

Vaksinering (Ilustrasjonsfoto) - Klikk for stort bilete

Meslinger er ei virussjukdom, og er den mest smittsame sjukdommen vi kjenner til. Før det blei innført vaksine mot meslinger, var det store utbrot av sjukdommen ca. kvart 3.år i Norge, og så godt som alle barn fekk sjukdommen. Meslinger var lenge den sjukdommen som tok flest barneliv på verdsbasis, og er framleis eit stort helseproblem i mange land.

 

Nye tilrådingar om vaksinasjon mot meslinger

Vaksine mot meslinger blei innført i barnevaksinasjonsprogrammet i Norge i 1969. Etter det har meslinger blitt ei sjeldan sjukdom i Norge. Det har etter kvart ført til at nokre ikkje lenger ser det naudsynt å vaksinere barna sine. Vaksineskepsis har ført til mindre utbrot av meslinger i mange europeiske land etter 2010, og talet er aukande. I 2017 blei det rapportert 14451 meslingtilfelle i EU/EØS-området, av dei 30 dødsfall. Helsemynde i Norge åtvarar no mot å ta med småbarn som ikkje er vaksinerte til utlandet. Nylig blei ei norsk, vaksen helsearbeidar smitta i utlandet, og har smitta fleire etter at ho kom heim til Norge. 


Vaksine mot meslinger gir godt vern mot sjukdommen. Det er så godt som berre ikkje-vaksinerte som har blitt sjuke. Grunna at meslinger er så ekstremt smittsamt, krev det ei vaksinasjonsdekning på 95% av befolkninga for å unngå at smitta spreiar seg. Det tar 10-14 dagar frå smitte til utbrot av sjukdommen. Dei første dagane av sjukdomsutbrotet er symptoma lik ei kraftig forkjøling. Det betyr at ein sjuk person kan rekke å smitte mange før det blir klart at det dreier seg om meslinger. Det finnes ingen spesifikk behandling mot sjukdommen.

 

Gratis vaksine

For dei som er fødd før 1960 reknar ein at alle har hatt sjukdommen som barn, og dei treng ikkje vaksine. Ein vaksinedose er nok for vaksne. Det er ikkje farleg å ta vaksine sjølv om ein tidlegare har hatt sjukdommen eller har blitt vaksinert. Meslingvaksinen er gratis.


Vi vil òg minne om at basisvaksinasjon frå barnevaksinasjonsprogrammet (mot stivkrampe, difteri, kikhoste og polio) bør haldast ved like med ei oppfriskingsvaksine kvart 10. år. Oppfriskingsvaksinen består av ei vaksinedose som inneheld alle desse. Kikhoste er ikkje uvanleg, og vi har hatt fleire små utbrot på Bømlo dei siste åra. Kikhoste kan vere svært farleg for uvaksinerte spebarn. Denne basisvaksinen er òg tilrådd ved turistreiser til dei fleste vanlege turistland. Dette er ei betalingsvaksine og kostar 335 kr i tillegg til eit konsultasjonsgebyr.


Ta kontakt for timebestilling ved Helsestasjonen tlf - 53 42 33 27 / 53 42 33 37

 

Kjersti Follesø                                                                  Liv Turid Halbmayr
smittevernlege                                                                leiande helsesøster

 

Sist endra 22.03.2018 14:36
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 33 02
Mobil:
901 44 740
Tittel:
kommuneoverlege
Bunnhjørne
Telefon:
53 42 33 35
Mobil:
414 32 210
Tittel:
leiande helsesjukepleiar
Bunnhjørne
 
Login for redigering