Koronavirus - info 815 55 015. Kommunal infoside

Folkehelsearbeid - ei tverrfagleg oppgåve

- Folkehelsearbeid skjer i alle sektorar i kommunen, om det gjeld helse, trafikktryggleik, turstiar, bustadfelt eller skulemiljø. For å vise dette litt betre deler me filmen frå Folkehelseringen i Hordaland fylkeskommune, seier folkehelsekoordinator Anne-Beth Njærheim i Bømlo kommune.

 

Mann går på tursti i skogen. Foto. (Hordaland fylkeskommune) - Klikk for stort bilete

- Folkehelsearbeid er ei tverrfagleg oppgåve. Folkehelseringen i Hordaland fylkeskommune har, i samarbeid med Hyssingen produksjonsskule, laga ein film som viser alle fylkeskommunale sektorar sitt viktige bidrag i folkehelsearbeidet, anten vi jobbar med næring, kultur og idrett, samferdsel, tannhelse, opplæring, eigedom, kommunikasjon, plan eller organisasjon og økonomi, opplyser seniorrådgjevar Anne Mette Nesje Porten
ved Regionalavdelinga i Hordaland fylkeskommune.

 

I filmen følgjer vi fem ungdomar frå dei avsluttar skuledagen til dei skal ut i kvardagen og «inn i» fritida. Ein av ungdomane skal til tannlegen, ein skal på teaterscena, ein er politisk aktiv og skal i ungdommens fylkesutval, ein skal på fotballtrening og ein skal på deltidsjobb. I tillegg møter vi læraren deira, som tar ferga heim etter jobb.

 

Det ungdomane og læraren gjer på skulen og på fritida si, betyr noe for helsa og er med på å utjamne sosiale forskjellar i helse og levekår. I tilrettelegginga for ein meiningsfull og utviklande kvardag, har Hordaland fylkeskommune ei viktig rolle. Gjennom den jobben vi gjer kvar dag, legg vi til rette for å skape god helse der folk lever, lærer, elskar og bur. Det er folkehelsearbeid og Hordaland fylkeskommune har ei sentral rolle i dette arbeidet.

 

Hyssingen produksjonsskule har laga filmen – frå a til å. Dei har laga musikken, kome med innspel til innhald i filmen, filma og redigert filmen, vore skodespelarar og – ikkje minst – laga musikken til filmen.

 

Artikkelen på HFK si heimeside

Sist endra 30.01.2019 13:34
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 30 58
Mobil:
481 72 775
Tittel:
folkehelsekoordinator
Bunnhjørne
 
Login for redigering