Forskrift om heildøgnstenester

Berit Morlandstø er verksemdleiar ved Tenestekontoret. - Klikk for stort bilete

Det er gjort ei lovendring som presiserer retten til opphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad særleg tilrettelagt for heildøgnstenester, kriterier og ventelister, gjeldande frå 17.06.16. Bømlo kommune sender med dette ut førehandsvarsel om oppstart av arbeidet med kommunal forskrift for rett til opphald i sjukeheim m.m.

 

- Kommunen er pålagd å laga ei kommunal forskrift for tildeling av langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad særleg tilrettelagt for heildøgnstenester med kriterier og ventelister. Har du lyst til å komma med innspel til forskrifta, så ta kontakt med Tenestekontoret på telefonnr. 53 42 34 72, opplyser verksemdsleiar Berit Morlandstø.

 

Frist for innspel er 15.03.17. Forskrifta vert sendt ut på høyring i byrjinga av april 2017.

 

Sist endra 10.02.2017 10:37
Fant du det du leitte etter?
Kunngjeringar

Kontakt

Telefon:
53 42 34 72
Mobil:
918 83 682
Tittel:
leiar
Bunnhjørne
 
Login for redigering