Fortau Idrettsvegen Aust

Utval for areal og samferdsel har i møte 02.09.2015 sak PS 135/15 gjort vedtak om at reguleringsplan for fortau Idrettsvegen Aust, gnr. 109, bnr. 2, 268, 341, 347 m.fl., Leite (Planid 201413) vert lagt ut til offentleg ettersyn i samsvar med Plan og bygningslova §12-10. 

FORTAU IDRETTSVEGEN AUST - Leite - oversiktskart. - Klikk for stort bilete

Føremålet med reguleringsplan å regulere inn gang-/sykkelveg langs austsida av Idrettsvegen for å sikre trygg ferdsle langs eksisterande veg. Samstundes ynskjer ein å syne mogleg avkøyrsle til nytt skuleområde på gnr/bnr 109/341, samt å omregulere 109/467 frå bustad til friluftsområde.

 

I samband med ei byggjesak som vart handsama av Teknisk styre i 1999 vart det nedlagt plankrav for denne tomta, kor siktemålet med plankravet skulle vere at tomta skulle omregulerast til friareal. Planområdet ligg på Leite i Svortland. Planområdet er på ca. 11 daa.

 

Kunngjeringsannonse (PDF, 70 kB)

Følgjebrev (PDF, 58 kB)

Føresegner (PDF, 299 kB)

Plankart (PDF, 2 MB)

Planomtale (PDF, 5 MB)

Vedtak offentleg høyring (PDF, 4 MB)

Oversiktskart (PDF, 990 kB)

 

Planframlegget er utlagt til offentleg gjennomsyn i Rådhuset i tida 19.09.2015 til 31.10.2015. Eventuelle merknader vert å senda Bømlo kommune v/Arealbruk, Rådhuset, Leirdalen 1, 5430 Bremnes innan 31.10.2015 eller postmottak@bomlo.kommune.no innan 31.10.2015.

 

Sist endra 23.11.2015
Fant du det du leitte etter?
Kunngjeringar
 
Login for redigering