Fritids- og naustområde Kruneneset

Privat detaljreguleringsplan for fritidsbustader og naustområde med tilhøyrande tilkomstveg, parkeringsareal og småbåtanlegg på gnr. 64, bnr. 1 m.fl. Kruneneset på Goddo i Bømlo datert 25.10.2016 med tilhøyrande reguleringsføresegner revidert 25.10.2016 vart samrøystes vedteke av kommunestyret 5.12.16.

 

Plankart reguleringsplan for fritids- og naustområde Kruneneset gnr. 64, bnr. 1 m.fl. på Goddo planid 201505 (Gøtz AS) - Klikk for stort bilete

Vedtaket er heimla i Plan‐ og bygningslova §12‐3. Reguleringsplanen er rettsleg bindande utan stadfesting frå statleg styresmakt. Reguleringsplan FV 18 Goddebrua – Austvik vedteken i kommunestyret 12.11.2012 vert oppheva for det området som vert omfatta av ny plan.

 

Følgjebrev vedtak (PDF, 178 kB)

Vedtak (PDF, 335 kB)

Føresegner (PDF, 192 kB)

Planomtale (PDF, 3 MB)

Plankart (PDF, 582 kB)

 

PLANSTATUS: Kommuneplan

I gjeldande kommuneplan er størsteparten av området vist som område for framtidig fritidsbusetnad, naust, LNRF‐ areal med spreidde bustader og LNRF‐ område. Det er krav til reguleringsplan i byggjeområda for fritidsbustader. Ca. 100 meter utanfor planområdet i sjø er det avsett eit område for "Akvakultur" i kommuneplanen.


Dette området var diskutert på oppstartsmøtet med kommunen, og tiltakshavar informerte om at området ikkje lenger er aktivt. Det har ikkje vore aktivitet her sidan på fleire år. Kommunen meinte området må takast ut av kommuneplanen, og viste til at det er Fiskerisjefen som har mynde til å fjerne slike område. I kommuneplanen er det også satt av eit framtidig utbyggingsområde for einebustader på motsett side av Fv18. Her ser ein føre seg at det kan kome ein stad mellom 20‐30 bueiningar i framtida.

 

Reguleringsplan

Delar av området er regulert i reguleringsplan med planID: 201004 (Fv. 18 Goddebrua ‐ Austvik). Denne planen omfattar eit mindre område i sør ‐ den delen av Fv. 18 som inngår i planområdet. I samråd med kommunen, har ein teke med avkøyrsla frå fylkesvegen og den delen av fyllinga for fylkesvegen som er
vist i reguleringsplan for Fv18 Goddebrua‐ Austvik som vert liggjande på austsida av planlagd ny tilkomstveg (f_V3). Dette for å unngå å dele den eksisterande reguleringsplanen i området i to.

 

Føremål

Føremålet med reguleringsplanen er å leggje til rette for etablering av 14 stk. fritidsbustader og 14 stk. naust med tilhøyrande tilkomstveg, parkeringsplassar, kaiar og småbåtanlegg. Planområdet er totalt ca. 9,9 daa.


Gøtz AS v/Vidar Vedå har på vegne av Dagfinn Hellen og Per Aanderaa laga framlegg til reguleringsplan.

Sist endra 19.12.2016
Fant du det du leitte etter?
Kunngjeringar

Kontakt

Telefon:
53 42 31 56
Tittel:
Sakshandsamar plan
Bunnhjørne
 
Login for redigering