Høyringsutkast - Planprogram kommunedelplan oppvekst 2017-2021

Høyringsutkast - Planprogram kommunedelplan oppvekst 2017-2021 er vedteke lagt ut til offentleg gjennomsyn med merknadsfrist 21. desember 2016.

Planprogrammet kommunedelplan oppvekst 2017-2021 er eit verktøy for å styrke tidleg medverknad og gode planprosessar. Programmet skal avklare rammer og premiss for arbeidet, samt klargjere føremålet med planen.


Etter § -1 i plan- og bygningslova skal det for alle regionale planar, kommuneplanar og for reguleringsplanar som kan ha vesentleg innverknad på miljø og samfunn, utarbeidast eit planprogram. Rådmannen si vurdering er at ein kommunedelplan for oppvekst kjem inn under ein slik definisjon.


Planprogrammet skal såleis gjere greie for føremålet med planarbeidet, planprosessen med fristar og deltakarar, opplegg for medverknad, kva alternativ som vil bli vurdert og behovet for evt. utgreiingar. 

 

Høyringsutkast - Planprogram kommunedelplan oppvekst 2017-2021

 

Gå direkte til skjema Offentlege høyringar - svarskjema

Sist endra 07.12.2016
Fant du det du leitte etter?
Kunngjeringar

Kontakt

Telefon:
53 42 30 55
Mobil:
957 50 151
Tittel:
rådgjevar oppvekst
Bunnhjørne
 
Login for redigering