Jobbsøkjande entreprenør?

Møteplass A (Atheno) - Klikk for stort bilete «Møteplass A» er eit tilbod til personar som no går ledige men som kan tenkje seg å starta eiga bedrift. Atheno held første samling i Kunnskapshuset på Stord torsdag 1. september.

- På torsdag 1. sept kl. 09.00 startar me opp eit nytt tilbod for arbeidssøkarar i Sunnhordland i Atheno sine lokaler. Arrangementet har fått namnet «møteplass A» og vil vera eit tilbod til personar som no går ledige, men som kan tenkje seg å starte eiga bedrift. «møteplass A» vil bli 2-timars samlingar annankvar torsdag utover hausten fram mot medio desember, fortel prosjektleiar Ole Jacob Eide i Atheno.

 

Lær av andre gründerar

Eide fortel vidare at Atheno vil bidra med ulike innlegg. Dei har fått med segulike personar til å halde miniføredrag, og ulike gründerar frå Sunnhordland vil fortelje om sine erfaringar med å starte eigen bedrift. Først ut av desse er Torstein Hatlevik no på torsdag.

 

På «møteplass A» får du tips om kva du må tenke på ved ein eventuell oppstart av ei bedrift, du får høyre korte foredrag frå dyktige forelesarar innan marknadsføring, nettverksbygging og økonomi, og du får høyre erfaringa til andre etablerarar og gründerar.

 

Tilbodet er gratis for alle interesserte.

 

Sist endra 31.08.2016
Fant du det du leitte etter?
Kunngjeringar
 
Login for redigering