Kandidatar til gründerpris?

Norges Vel etterlyser kandidatar til Gründerprisen 2017. Kjenner du nokon som har gjort ein spesiell innsats i eige lokasamfunn, organisasjon eller bedrift? Fristen for å melda inn kandidatar du meiner fortener denne prisen er 15. november 2016.

Norges Vel grunderpris 2017 (Norges Vel) - Klikk for stort bilete

- Det er ofte lokale ildsjeler og gründarar som bidreg til nødvendig vekst og utvikling i lokalsamfunnet. Innsatsen til ein verdig mottakar skal vere framtidsretta og nyskapande, og ha ført til utvikling i lokalsamfunnet. Innsatsen skal kunne stå som eit mønster for annan nyskaping, heiter det i invitasjonen frå Norges Vel.
 

Natur og kultur er dei største ressursane i lokalsamfunnet, og nokre døme på nyskaping som kan fortene heider gjennom Norges Vels Gründerpris kan til dømes vere:
• Henta fram og ivareta lokale mat- eller kulturtradisjonar
• Verdiskaping for lokalmatprodusentar
• Bruk av lokale råvarer og ressursar på nye måtar
• Produktutvikling eller nye produkter i andre eller eigen bedrift
• Fornybar energi eller andre miljøtiltak
• Innsats som har bidrege til å skapa arbeidsplassar

Les meir om Norges Vels Gründerpris og korleis du kan føreslå din kandidat her.

Sist endra 14.10.2016
Fant du det du leitte etter?
Kunngjeringar
 
Login for redigering